Hopp til innhold

Stor villreinflokk nær riksveg 7

Ein flokk på rundt 1500 villrein står ifølgje tips nær Rv 7 over Hardangervidda, mellom Tråstølen og Dyranut i Hordaland. – Kaotiske tilstandar, seier augevitne.

Villrein

NÆR VEGEN: Ei stor gruppe villrein blei søndag sett nær riksveg 7 mellom Tråstølen og Dyranut. Dette biletet er teke ved eit anna høve.

Foto: Svein Hjelmeset

– Det er mykje villrein i området, mellom 1500 og 2000, seier augevitne Ivar Arne Lid.

Då han søndag køyrde på riksvegen kom det ein heil flokk som fleire gongar forsøkte å krysse vegen.

– Dei blei skremde av både bilar, skiløparar, brøyteutstyr og lause hundar. Det var kaos, seier Lid.

Han fortel at villreinen var om lag 150 meter frå riksvegen og at dei fleire gongar prøvde å krysse den, men at flokken etter kvart roa seg om lag tusen meter på avstand.

– Dette med villrein er eit stort problem her, seier Lid til NRK.

Villrein på Rv 7 Hardangervidda

STOR FLOKK: Denne flokken var ifølgje augevitne om lag 150 meter frå Rv 7 ved Dyranut søndag.

Foto: Ove Øen Geilo

Vegen er open

Vegtrafikksentralen er varsla om villreinen, men seier vegen ikkje er stengd.

– Dette med villrein er underlagt viltforvaltninga, og vi har ikkje fått beskjed om at det er aktuelt å stenge vegen no. Vi stenger normalt Rv 7 når det er kalveperiode, seier trafikkoperatør Tom Hansen.

Villreinen står i området mellom Tråstølen og Dyranut.

Vil undersøke nærare

Olaf Bratland i Statens naturoppsyn seier han har fått beskjed om at det står dyr tett inntil vegen, men at han førebels ikkje veit meir om situasjonen.

– Vi har avtale med Statens vegvesen om at dei skal overvake vegen med tanke på villrein frå 1. desember. Dermed er det ikkje ei aktiv overvaking her endå, seier Bratland.

Då NRK fortel at villreinen ifølgje augevitne var om lag 150 meter frå vegen, blir Bratland overraska. Han tykkjer det høyrest spesielt ut at det står så mange villrein i området no, og seier han vil reise opp for å sjekke korleis stoda er måndag.

– Akkurat no har vi ikkje anbefalt stenging eller noko som helst, jamfør avtalen vår, seier Bratland som lovar å følgje opp saka.

Tidlegare har Rv 7 blitt steng på grunn av villrein, som i januar i fjor.