NRK Meny
Normal

Trude Drevland blir ikkje tiltalt for grov korrupsjon

Statsadvokatane i Hordaland tiltaler ikkje tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, cruiseskipsreiar Torstein Hagen og den suspenderte hamnesjefen Inge Tangerås. Saka er lagt vekk på bevisets stilling.

Trude Drevland sammen med «Viking Star»

LAGT BORT: Korrupsjonssaka mot Trude Drevland er lagt bort.

Foto: Ask, Erik / NTB scanpix

Alle dei tre var sikta for korrupsjon i samband med blant anna dåp og etterfølgande cruise med cruiseskipet Viking Star i fjor.

Drevland og Hagen var sikta for grov korrupsjon, Tangerås for korrupsjon.

Politiet leverte si innstilling til statsadvokaten i sommar. Etter det NRK kjenner til, tilrådde politiet å ta ut tiltale mot Trude Drevland for grov korrupsjon, og mot Inge Tangerås for simpel korrupsjon, men ikkje gå vidare med siktinga mot Torstein Hagen.

I dag avgjorde statsadvokaten å leggja vekk saka mot alle tre.

– Tvilen er for stor

– Det er blitt jobba intenst med denne saka. Den er omfattande, med mange tema. Etter ei heilskapsvurdering har vi kome fram til at det ligg føre slik tvil at vi henlegg saka på bevisets stilling, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve til NRK.

– Å legga vekk ei sak etter bevisets stilling vil både omfatta saker der tvilen er markant og der tvilen er liten.

Ho meiner saksbehandlingstida i denne saka har vore lengre enn ønskeleg.

– Eg forstår at det har vore ei belastning for dei involverte. Men i ei sak av dette omfanget var det ikkje til å unngå at saksbehandlingstida vart lenger enn norma på 30 dagar.

Statsadvokat Ellen Cathrine Greve forklarer hvorfor de har henlagt saken mot Trude Drevland, havnesjef Inge Tangerås og reder Torstein Hagen.

VIDEO: Hør det første intervjuet med statsadvokat Ellen Cathrine Greve etter henleggelsen av cruisedåp-saken.

Gudmor

Saka mot Drevland vart først behandla som ei undersøkingssak og lagt vekk utan etterforsking. Etter at saka vart mykje omtalt i pressa avgjorde førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen at saka skulle etterforskast.

Greve skriv i pressemeldinga at det sentrale i etterforskinga har vore ordføraren si gudmor-rolle, spørsmål rundt registreringa av skipet Viking Star i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), sjøsettinga av skipet i Venezia, dåpen i Bergen hamn 17. mai 2015, og det etterfølgande jomfrucruiset 18.–19. mai på strekninga Bergen-Stavanger Oslo, i tillegg til Trappen motiveringssenter samt det gratis Istanbul-cruiset Drevland først takka ja til, men sidan avbestilte.

Cruisedåpsaken

OMSTRIDD RELASJON: Skipsreiar Torstein Hagen og tidlegare ordførar Trude Drevland (H) har begge vore sikta for korrupsjon i cruise-saka. I dag la statsadvokaten saka vekk.

Foto: Ask, Eirik / NTB scanpix

Statsadvokaten skriv i si pressemelding at for å ta ut tiltale skal påtalemyndigheita vera overtydd om at den mistenke har gjort det vedkommande er skulda for:

«For korrupsjon er det kravd forsett. Vidare må påtalemakta vera overtydd om at prova er tilstrekkelege for ei domfelling.»

Statsadvokaten har også lagt vekk saka mot den suspenderte hamnedirektøren Inge Tangerås, som var sikta for simpel korrupsjon. Dei to har vore under etterforsking i halvanna år.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.