Hopp til innhold

Stal fyrverkeri for 100.000 kroner

Fyrverkeri for om lag 100.000 kroner er stole frå ein konteinar i Øygarden.

Stal fyrverkeri i Øygarden

TOM KONTEINAR: Då seljarane av fyrverkeri kom på jobb i dag tidleg, var konteinaren ribba for fyrverkeri.

Foto: Frank Robert Solbakk

Stal fyrverkeri i Øygarden

RIBBA FOR INNHALD: Fyrverkeri for om lag 100.000 kroner var vekke då tjuveriet blei oppdaga i dag tidleg.

Foto: 03030-tipser

Fyrverkeriet blei stole frå ein konteinar like ved Kiwi-butikken på Rong.

Klipte over hengelåsar

– Nokon har klipt over fleire hengelåsar og brote seg inn i konteinaren, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Det var tilsette i fyrverkeriutsalet som oppdaga tjuveriet og varsla politiet like etter klokka 9 i dag.

Politiet rykte ut med ein patrulje for å undersøkja åstaden.

– Det er urovekkande at så store mengde fyrverkeri er på framande hender, seier Kronen.

Fyrverkeriutsalet består av to konteinarar. NRK får opplyst at tjuven eller tjuvane også har forsøkt å bryta opp den andre konteinaren, utan hell.

Fleire tjuveri

For ei veke sidan blei det oppdaga eit anna stort tjuveri av fyrverkeri i Hordaland. Då var det snakk om fyrverkeri til ein verdi av om lag 60.000 kroner frå eit lager i Fyllingsdalen.

Politioverbetjent Svein Føllesdal har tidlegare opplyst til Bergens Tidende at ein mann er sikta i saka, men at politiet jaktar på ein annan person.

Det er usikkert om det kan vera ein samanheng mellom tjuveria.

Saka blir oppdatert!

Stjal fyrverkeri