Hopp til innhold

– Branns måte å spela fotball på kan gi suksess i Europa

Sportssjef Rune Soltvedt meiner spelestilen vil sikra Brann gode resultat ute i Europa. Samstundes jobbar klubben på spreng med å forsterke stallen til neste år.

Sportssjef Rune Soltvedt i Brann

NESTE SESONG: Sportssjef Rune Soltvedt er for lengst i gong med førebuingane til ein ny sesong.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Støvet etter sølvfesten har så vidt begynt å legga seg i Bergen. Søndag sikra Brann seg ein imponerande sølvmedalje, same sesongen som dei var nyopprykka frå 1. divisjon.

Tabellplasseringa gjer at Brann også skal ut i Europa. Truleg kjem dei inn i andre kvalifiseringsrunde til Europa League.

Den kyniske og knalltøffe spelarstilen til raudtrøyene har kanskje ikkje fylt tribunane på Stadion. Men ute i Europa vil Brann finna seg godt til rette, meiner sportssjef Rune Soltvedt.

– Vi har eit fortrinn i måten me spelar fotball på, og den siste sesongen har me forstått korleis me skal vinna fotballkampar. Eg er faktisk ganske optimistisk med tanke på Europa, seier Soltvedt til NRK.

Brann lagbilde

FEST: Brann kunne sleppa jubelen laus på søndag, då dei sikra seg sølvet i eliteserien.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Kan ikkje vera naive

Brann har med andre ord eit mål om å vera lika ugjennomtrengelege i Europa, som dei har vore her heime. Kun Rosenborg sleppte inn færre mål enn bergensarane denne sesongen.

– Vi kan ikkje vera naive, reise ut og tru at ein skal føra kampane og spela ut gode europeiske lag. Då ryk ein fort ut. Eg trur me har ein spelarstall og ein spelestil som gjer at dette kan bli veldig bra, seier Soltvedt.

Han innrømmer at han ikkje heilt har landa etter førre helg. Men tenkt framover har han gjort lenge. Jobben med å forsterka spelartroppen til ein ny sesong er i full gong.

Soltvedt har fleire namn på blokka, men vil ikkje røpa kven eller kor mange spelarar som kan vera på veg inn.

– Ser de etter spelarar som har noko å visa til frå spel i Europa?

– Det viktigaste er at dei kan forsterka oss. Men økonomien gjer det veldig utfordrande, understrekar Soltvedt, vel vitande om at Brann framleis er i «raud» sone økonomisk.

Demidov og Nilsen

JAKTAR ERSTATTAR: Brann vil ha Vadim Demidov, men sjølv ønskjer midtstopparen seg utanlands.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Nye spelarar til jul

Sportssjefen vil ikkje vera nokon festbrems, men påpeikar likevel kor viktig det no er at Brann ikkje slepp seg nedpå til neste år.

– Det er lett å tenka at sidan det gjekk bra i år, så vil det automatisk gå bra neste sesong. Men me må henta inn spelarar som kan plaga dei som er her allereie. Me må ha kamp om plassane, seier Soltvedt.

Brann speidar etter spelarar i Norge, Sverige, Danmark og Costa Rica, og Soltvedt seier Brann-spelarane kan forventa seg å møta nye lagkameratar på treningsfeltet etter ferien 4. januar.

Vil ha Demidov

Samstundes vert det jobba med å få spelarar til å halda fram i klubben.

Erik Huseklepp har sagt farvel til Brann og Bergen. Torgeir Børven er open for å halda fram, og Soltvedt skal møta agenten for ein samtale. Vadim Demidov er lysten på utanlandsopphald, men Soltvedt håpar han blir.

– Vi har ein god dialog. Men vi respekterer og forstår at han vil prøva seg utanlands, og vi jaktar difor ein erstattar, seier Soltvedt.