Nokre tek inn dyr vel vitande om at det er ulovleg, andre kjenner ikkje til regelverket i Noreg.
Veterinær Per Arne Ludvigsen i Mattilsynet ser alvorleg på smuglinga, fordi den kan føra med seg farlege smittsomme sjukdommar, som til dømes rabies.
Smittsomme sjukdommar
- Folk reiser meir, og då er det ofte dei kjem i kontakt med laushundar og lauskattar i andre land. Mange fell for desse, og vil ta dei med seg heim, fortel han.
Mattilsynet har to alternativ når dei kjem over innsmugla dyr.
Bentley er i karantene i Bergen. (Foto: Espen Hatlestad/NRK)
- Anten må me senda dyra attende der dei kom frå. Dersom det ikkje er mogleg, vert dei avliva, seier veterinær Ludvigsen.
Bentley i karantene
Men dobermannen Bentley på seks månader er heldig. Han er ein av svært få som får bu i privat karantene.
Matmor Anneke Simonsen må halda hannhunden unna småborn og andre dyr ein drøy månad til. Då er framtida for Bentley frå Kosovo usikker att.