NRK Meny
Normal

Sluttar i protest mot utkasting

– UNE har svikta Taiman ved å ikkje la han få bli i Noreg. Det strir imot samvitet mitt, difor trekkjer eg meg frå vervet mitt i protest, seier Espen Anderson, nemndmedlem i Utlendingsnemda (UNE).

Taiman Fatah

TILBAKE TIL IRAK: 27 år gamla Taiman Agid Fatah ventar no på å bli sendt tilbake til Irak, etter 13 år i Noreg. Espen Anderson, nemdmedlem i UNE, trekkjer seg i protest mot UNE si avgjere.

Foto: Privat

UNE sviktar Taiman og hans familie. Dessutan sviktar dei seg sjølve og eiga truverd som eit uavhengig klageorgan som fører ei rettferdig og human saksbehandling.

Espen Anderson

Anderson meiner UNE har lagt lista høgt når dei vel å ikkje gi Taiman Agid Fatah opphald i Noreg. Å trekkja seg frå nemnda er ein klar protest mot UNE. Det var BT som først omtala saka.

– Dersom dei meiner at Taiman ikkje har god nok grunn til å få vera i Noreg, skjønar eg ikkje korleis nokon som helst har grunnlag for å få bli. Dette er ei grufull avgjere, seier Anderson til NRK.

Onsdag kveld sende Anderson brev til UNE med beskjed om at han trekk seg som nemndmedlem på bakgrunn av UNE si behandling av Fatah.

Kasta ut etter 13 år

Espen

SLUTTAR I PROTEST: Espen Anderson sluttar i vervet sitt i UNE fordi Taiman Agid Fatah ikkje får opphald i Noreg.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Førre veke blei Taiman Agid Fatah arrestert av politiet i Bergen og frakta til Trandum transittmottak i påvente av å bli sendt tilbake til Irak. 27-åringen har vore i Noreg i 13 år.

Resten av familien hans fekk opphald i 2005, medan Fatah sin søknad vart avvist fordi han på det tidspunktet var blitt myndig og fekk saka si vurdert individuelt.

– Taiman har heile familien og nettverket sitt her i Noreg. Han har vore her sidan har var fjorten. Eg klarer ikkje å forstå kvifor UNE falt på den avgjera som dei har gjort.

UNE meiner Fatahs lange opphald i Norge etter avslaget må reknast som «grove og gjentatte brot på utlendingsloven». I vedtaket frå i fjor skriv dei at dette talar sterkt imot omgjering av vedtaket, og at den psykiske helsetilstanden til Fatah dessutan ikkje «framstår som eksepsjonell».

Hadde ikkje samvit til å bli

Anderson vart oppnemd som nemndmedlem i UNE i 2009, etter fleire år med frivillig arbeid i Redd Barna. Hovudarbeidet hans i UNE har vore å vurdere klager i asylsaker. Det vedtaket nemnda fattar vert gjeldande i asylsaker.

Anderson presiserer at han ikkje har arbeidd direkte med saka til Taiman Agid Fatah, men vel å trekke seg frå vervet sitt likevel.

– Sjølv om eg ikkje har jobba med denne saka sjølv, har eg ikkje samvit til å bli verande som nemndmedlem i UNE når eg ser korleis Taiman blir behandla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Taiman

MASSIV STØTTE: Mange har engasjert seg i saka til Taiman Agid Fatah. Baywar Nader Akid (biletet) var ein av fleire hundre som førre veke møtte opp på Torgallmenningen i Bergen på eit støttearrangement for 27-åringen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Sviktar dei som treng hjelp

– Eg meiner UNE har gjort ein graverande feil i å ikkje la Taiman få bli. Dei har hatt mange moglegheiter til å revurdera slutninga si, eg forstår ikkje kvifor dei har enda med den avgjera dei har gjort.

«Jeg kan ikke være en del av et organ som fatter et vedtak som fører til at en sønn og en bror blir fjernet med tvang fra sin familie, etter 13 år i Norge», skriv Anderson i sitt brev til UNE.

– UNE sviktar Taiman og hans familie. Dessutan sviktar dei seg sjølve og eiga truverd som eit uavhengig klageorgan som fører ei rettferdig og human saksbehandling.

Positive reaksjonar

Torsdag kveld har Anderson førebels ikkje fått reaksjonar frå UNE om at han har valt å trekkja seg som nemndmedlem.

– Det trur eg eigentleg ikkje at eg får heller. Men det var veldig viktig for meg å gjera dette.

Han fortel at etter at han har sett reaksjonar på at han har valt å trekkja seg i fleire støttegrupper for Fatah.

– Eg har fått fleire positive reaksjonar på avgjera mi. Det er fint å kunne vera med å gjere noko. Dette er det einaste eg kan gjera for å seie i frå om kva eg tykkjer om UNE sitt vedtak.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med UNE.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.