NRK Meny
Normal

Slike skaut kan berre ho lage

Å fella hardangerskaut er ein kunst som står i fare for å døy ut.
Ingebjørg Byrkjeland (85) frå Norheimsund er den einaste att i verda som kan teknikken.

Gå til forsiden

Her feller dei hardangerskaut

Skaut

Her feller dei hardangerskaut

13 bilder

    Hardangerskautet er prikken over i-en på hardangerbunaden.

    No er det sett i verk ein redningsaksjon for at kunsten skal kunna førast vidare.

    Folgefonna Husflidslag, Hardanger Folkemuseum og Bu og Ringøy bygdekvinnelag har gått saman i et felles prosjekt om å halde det unike handverket i hevd.

    Skautfelling

    SKAUTFELLING: Når stivelsen er på plass er det klart for den største oppgåva. Rundt 250 ørsmå folder må lagast i stoffet ved hjelp av stivelse og fellepinnar. Dette er eit arbeid som tek fleire timar.

    Foto: TALE HAUSO / NRK

    50 år med skaut

    Ingebjørg Byrkjeland har halde på med dette i over 50 år. Ho legg ikkje skjul på at arbeidet krev mykje presisjon og tolemot.

    – Nabokona mi her oppe kom å spurte meg om eg kunne lære meg å felle skaut, for ho var lei av det. Eg var der oppe ein gong, elles har eg lært meg det sjølv, seier Byrkjeland.

    I byrjinga var de ei tidkrevjande oppgåve. Om alt vart gjort riktig, skulle skautet kvelva seg over hovudet som breen Folgefonna.

    Når stivelsen er på plass er det klart for den største oppgåva. Rundt 250 ørsmå folder må lagast i stoffet. Eit arbeid som tek fleire timar.

    – Det første skautet som eg laga heilt ferdig tok sju timar! Heldigvis gjekk det fortare etter kvart!

    Gå til forsiden

    Skaut i Hardanger

    Bryllup på Lofthus

    Skaut i Hardanger

    5 bilder

      Kunsten er i fare

      Skautet har vore ein tradisjonell del av den tradisjonelle klesskikken i Hardanger sidan 1600-talet. Å få eit slikt resultat er ein krevjande prosess.

      I Hardanger var det først og fremst gifte kvinner som nytte skaut, og hodeplagget skulle vise deira sivile status.

      No er kunsten å fella skaut i fare.

      Difor har ein sanka saman ein ny gjeng som no skal læra teknikken. Målet er å redde det truga handverket og sikra at kunnskapen kjem over på nye hender.

      Det dør jo ut da, det blir kunnskap som forsvinn.

      Åslaug Eikrem Utne, Folgefonn Husflidlag
      Skautfelling

      LÆRENEMME: Fleire lokale lag har gått saman i eit felles prosjekt om å halde det unike handverket i hevd. Her er kurset i gong.

      Foto: TALE HAUSO / NRK

      Usømmeleg

      For ei gift kvinne var det rekna som svært usømmeleg å verta sett utan skaut til bunaden.

      – Vi har ikkje det same forholdet til å vere gift som vi hadde før, det betyr ikkje like mykje. Så alle vaksne som vil bruke skaut må få gjere det, seier Agnete Sivertsen, styrer på Hardanger folkemuseum.

      Ingebjørg er ikkje helt einig i det.

      – Eg er gammaldags veit du. Sjølv om nokon kanskje har lært det og felt et skaut til seg sjølv, er det ingen som kan det godt nok til å drive med det!

      – Det dør jo ut da, det blir kunnskap som forsvinn, seier Åslaug Eikrem Utne frå Folgefonn Husflidlag.

      Kunsten å fella skaut er i fare etter at Ingebjørg no har pensjonert seg. Utan skautfellar, blir det heller ingen skaut.

      Ingebjørg trur at damene vil klare å lære seg estetikken.

      – Dei er så ivrige, at eg trur ikkje dei kjem til å gje seg. Og dei er verkeleg flinke!

      Siste video

      Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
      Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
      Nå vurderer naboene å flytte.