Hopp til innhold

Slettemark har fått draumejobben i sommar

Han var berre 14 år gamal første gang han reiste på Roskilde-festivalen i Danmark. I år står musikkjournalisten sjølv på den nest største scena.

Slettemark

KONFERANSIER: Musikkjournalisten Asbjørn Slettemark skal introdusere fleire store internasjonale artistar på Roskilde Festival neste veke.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

For i år, som i fjor, skal Asbjørn Slettemark frå Husnes vere konferansier og introdusere artistar for det store festivalpublikummet på Roskilde. Festivalen er i år utseld og ein reknar med totalt over 100.000 besøkande til Dyrskuepladsen.

Slettemark skal introdusere artistane som spelar konsertar på Arena. Det er den nest største scena på festivalen og har plass 17.000 publikummarar.

– Eg skal for andre året på rad få oppfylt ein livslang draum som er å stå på scenen på Roskilde. Eg skal ikkje ha med meg gitaren som eg eigentleg drøymde om å stå med i gamle dagar då, men det vert som konferansier, seier Slettemark.

Fleire internasjonale stjerner

Musikkjournalisten skal introdusere halvparten av artistane på scena. Det inkluderer store internasjonale stjerner som Lykke Li, Bastille, Mogwai og Haim.

– Det var veldig spesielt i fjor, då introduserte eg Kendrick Lamar framfor rundt 25.000 tilskodarar. Eg høyrde ikkje mi eiga stemme eit einaste sekund og det var ei veldig spesiell oppleving. Men eg fekk eit lite innblikk i korleis det er å stå på ei scena for så mange folk, seier Slettemark.

I fjor introduserte Slettemark også Kvelertak for eit fullstappa konserttelt. Konserten fekk svært gode meldingar både i den norske og danske pressa.

– Dette blir ein beinhard sommarjobb, men eg skal gjera mitt beste.

Saka held fram under biletet

roskildefestival2009

EIN AV DEI STØRSTE: Roskilde er ein av dei største festivalane i Nord-Europa, med over 100.000 besøkande kvart år. Biletet er frå konserten med Slipknot i 2009, på den legendariske Orange scene.

Foto: Klavs Bo Christensen / Klavs Bo Christensen

– Må snakka bokmål

Roskilde-festivalen har alltid hatt ein spesiell plass i hjartet til Slettemark. Allereie som 14-åring i 1989 reiste han sørover til Danmark for å få med seg "the orange feeling". I Norge er han ikkje aleine om å sette pris på festivalen. Kvart år tar fleire tusen nordmenn turen ned.

– Det er noko av grunnen til at dei vil ha ein nordmann som konferansier.

At nordmenn og danskar kan ha problem med å forstå kvarandre, løyser han slik:

– Eg må innrømma at eg er nøydd til å snakka eit slags bokmål for at danskane og svenskane skal forstå meg. Bestemor mi frå Vestlandet ville neppe synast det var så moro å høyre på, ler Slettemark og legg til at introduseringa også vert tatt på engelsk.

Roskilde opnar dørene for festivalpublikumet søndag 29. juni. Då ventar tre dagar med oppvarmingsfest, før det brakar laust for alvor torsdag 3. juli og fram til 6. juli. Det er mellom anna Rolling Stones, Arctic Monkeys og Stevie Wonder som står øvst på plakaten dette året.