– Eg er absolutt uroa. Noreg har ei støtteordning som opnar for risiko for farleg smitte frå andre land.
Det seier Bodil Lund, professor i oral kirurgi ved Universitetet i Bergen. Ho er ein av fleire fagfolk som no slår alarm om kva nordmenn kan komme heim med frå tannhelseturar til utlandet.
Såkalla «tannturisme» er bortsett frå fysioterapi den vanlegaste forma for helsereiser blant nordmenn.
Mange tannhelsereiser går til land der resistente tarmbakteriar er mykje vanlegare enn i Noreg, til dømes Ungarn og Romania.
Femdobla i Noreg
Det kan på sikt gi store problem for norske sjukehus.
– Dette trugar heile den moderne sjukdoms- og tannbehandlinga. Mellom anna kreftbehandlingar og transplantasjonar er heilt avhengige av at me kan bruka antibiotika.
Utan antibiotika som verkar kan dagens ufarlege infeksjonar bli livstrugande. Slik er det allereie i nokre asiatiske land.
Men dei siste ti åra har talet på pasientar med motstandsdyktige bakteriar blitt femdobla også i Noreg. No er talet på over 3000 tilfelle årleg, det meste frå utanlandsopphald.
– Folk må kunna velja fritt. Men antibiotikaresistens er alvorleg både for pasienten, vedkommande sine nære og kjære, heile befolkninga og framtidige generasjonar.
– Er dette ein kamp Noreg er dømt til å tapa?
– Eg trur ikkje me kan stoppa prosessen, fordi han globalt har kome så langt. Men me kan forsinka han lengst mogleg og håpa på ny teknologi og kunnskap, seier Lund.
Reglane gjeld ikkje tannlegar
Når pasientar kjem heim frå utanlandske sjukehusopphald, er det reglar om isolat og bakterieundersøking viss dei må på sjukehus i Noreg. Men smittevernlova seier ikkje eksplisitt at tannturistar skal bli undersøkt, sjølv om dei har fått kirurgisk behandling.
– Ein tenkte ikkje nok på odontologi då ein laga reglane, seier mikrobiologiprofessor Ørjan Olsvik ved Universitetet i Tromsø.
Dette avviser Helsedirektoratet.
Dei skriv til NRK at dersom ein har blitt behandla i ein helseinstitusjon eller fått utført omfattande undersøking eller behandling av helseteneste utanfor Norden dei siste 12 månadane, skal ein testast for MRSA (sjå faktaboks) før innlegging eller behandling i sjukehus i Noreg.
I følge Olsvik er det opp til sjukehuset om dei ønskar å gjera testen.
– Dessutan er det ingen krav om test viss desse tannturistane skal inn på odontologiske klinikkar i Noreg.
I Sør- og Aust-Europa og delar av Asia er resistensproblema svært store. Over halvparten av vanlege turistar der kjem heim med resistente bakteriar i kroppen.
Norske styremakter veit ikkje kor stor risikoen er for at tannhelsebehandling utanlands fører til antibiotikaresistens i Noreg.
– Men me ønsker minst mogleg helsebehandling i utlandet, seier overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet.
Sponsa av Noreg
Tannturisme og resistens var i helga tema på Bergen tannlegeforening sitt årlege Vestlandsmøte.
Olsvik er kritisk til at den norske staten støttar tannhelsebehandling i utlandet. Pasientar får faste summar i høve til prisen i Noreg – uavhengig av kor billig behandlinga er i utlandet.
– Det er eit problem. Det er svært lukrativt for firma som sender norske pasientar til lågkostland. Norske skattepengar bør ikkje brukast til å auka smitterisikoen. Noreg har fagmiljø og kapasitet nok sjølv.
Les meir: