Hopp til innhold

Slossing ved kapell

Ein person blir skambanka av to andre ved Solheim kirke. Slik var meldinga politiet i Bergen fekk tysdag kveld.

Politiet sendte tre politibilar til kyrkja, men personane var vekke då dei kom fram.

- Det var truleg eit internt oppgjer mellom desse personane. Det er ingen som har meldt saka til politiet, fortel operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand. 

- Dramatisk melding

Det var vitne som meldte frå om slagsmålet.

- Meldinga var dramatisk, og difor rykte me mannsterke ut, seier Lyssand.