Hopp til innhold

Skyfri himmel og strålande sol heile helga

Etter ein lang vinter med mykje nedbør, får bergensarane endeleg sjå sola igjen.

Sol i bergen

SOL I REGNBYEN: Helga starta med strålande sol, og meir skal det bli, lovar meteorologane.

– Det er veldig kjekt å sjå sola igjen, me har vore altfor lenge utan. Det blir fantastisk med sol, no skal me bruke byen og kose oss, seier Cathrine Kvamme, som er på trilletur over Torget i Bergen.

Cathrine Kvamme

– Det er veldig kjekt å sjå sola igjen, seier Cathrine Kvamme.

Og meir godt er i vente, for opphaldsvêret vil halde fram heile helga, seier vakthavande meteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Laurdag og søndag blir bra dagar. Skyfrie, med strålande sol, slik som vi har hatt fredag, seier han.

LES OGSÅ: Vinteren var mild og våt - Yr

Opphaldsvêr til tysdag

Gunnar Livik

GLADMELDING: I helga blir det strålande sol i Berge, seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog i Vervarslinga for Vestlandet.

Foto: Privat

Ikkje berre blir det sol, men temperaturane blir heller ikkje dei verste. På dagtid vil gradestokken krype opp i ti grader, både laurdag og søndag.

Men på nettene vil det framleis vere kaldt, med temperaturar ned mot 0 grader.

– Det ser ut til at det held seg tørt i Bergen til og med tysdag, og me vil få ein del sol, seier meteorologen.

SJÅ OGSÅ: Vervarslinga for helga i Bergen

Slik var nedbørsvinteren i Bergen

Fleire har nok venta ekstra lenge på sola i år, etter ein lang vinter med mykje nedbør. For mykje nedbør har det vore, sjølv om det ikkje står til ein ny rekord i Bergen, ifølgje Livik.

18. januar kunne meteorologane melde at det i Bergen var registrert 50 døgn med nedbør på rad. Til samanlikning hadde Oslo tre døgn, og Tromsø eitt døgn.

I desember hadde Bergen nedbør (målt over 1 mm) kvar dag, i januar 27 av 31 dagar. Februar var litt betre for dei som likar å gå tørrskodde, men likevel blei det registrert nedbør 21 av 28 dagar.

– I mars har det vore målt nedbør på alle dagar, fram til torsdag morgon. Det er fyrst no det har blitt tørt, seier meteorolog Livik.

LES OGSÅ: Ekspertane fryktar ekstra stor vårflaum