Hopp til innhold

Ekspertane fryktar ekstra stor vårflaum

Dei store snømengdene gjer at ein vårflaum på Vestlandet i år kan bli ekstra stor. Men om det blir flaum, avhenger av fleire faktorar.

Sarpsfossen vårflom 2013

FLAUM: Dei store snømengdene i fjellet kan gje vårflaum i april og mai (illustrasjonsbilete).

Foto: Ketil Strebel

Vinteren på Vestlandet har vore prega av stor snøskredfare. Fleire viktige vegsamband har vore stengde på grunn av snøskred, og ifølgje geologar er skredfaren enno ikkje over.

Dei store snømengdene medverkar også til at folk må vere førebudde på å få vårflaum i år, ifølgje hydrolog i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Elin Langsholt.

– Sannsynet for ein stor vårflaum er stor enkelte plassar. Men om dette slår til, kjem an på fleire faktorar, seier ho.

Store snømengder i fjellet

Snøskred i Romarheimsdalen ved E39

MYKJE SNØ I FJELLET: I følgje NVE er det no store snømengder i fjellet som kan auke faren for vårflaum.

Foto: Marie Furhovden / NRK

For at ein skal få ein vårflaum, må det for det fyrste vere store snømengder i fjellet. Ifølgje NVE har det vore rekordmykje snø fleire stader på Vestlandet denne vinteren.

Spesielt i Rogaland og Hordaland, der snøkarta til NVE har synt dobbelt så store snømengder samanlikna med ein normal vinter.

På tusen meter over havet i Rogaland og Hordaland er det no i gjennomsnitt kring 250–270 cm snø, i Sogn og Fjordane er det kring 220 cm snø i same høgde.

– I år ligg det meir snø enn normalt sør på Vestlandet. At det ligg mykje snø i nedbørsfeltet, aukar sannsynet for ein ekstra stor vårflaum, seier Langholt.

Frå låge til høge temperaturar

Elin Langsholt

– STOR SJANSE FOR VÅRFLAUM: – Mykje snø i fjellet aukar sjansen for ein vårflaum, seier hydrolog i NVE, Elin Langsholt.

Foto: NVE

Mykje snø er ikkje nok til å gje vårflaum, for temperaturane må også vere dei rette.

Dersom temperaturane er slik at snøen smeltar sakte og forsiktig, får ein ei jamn smelting som reduserer sjansen for vårflaum.

– Skrekkscenarioet er dersom det blir det kaldt vêr i ein lengre periode framover, og så smellvarme og regnvêr, seier Langholt.

LES OGSÅ: Fryktar neste storflaum - vurderer strakstiltak i Lærdalselva | 91 millioner til flomrammede kommuner

Store mengder nedbør

Vatn i vegen

KAN GJE VÅRFLAUM: Store nedbørsmengder samtidig som snøen i fjellet smeltar, aukar sjansen for vårflaum.

Foto: Frode Andersen

For at det verkeleg skal bli ein stor vårflaum, må det komme mykje nedbør samtidig som at dei store snømengdene smeltar.

– Viss ein får ein periode med varmt vêr, mykje snø og mykje regn, er alle føresetnader til stades for ein stor vårflaum. Stor snøsmelting og regn samtidig gjev veldig mykje vatn på ein gong, seier Langholt.

I tillegg kan flaumen som råka Vestlandet i haust utgjere ein ekstra risiko, fortel hydrologen.

– Viss elveleia er fylt igjen av sediment etter flaumen i haust, kan vatnet ta andre vegar. Det kan vere ein risikofaktor for vårflaum.

LES OGSÅ: Kjempar mot klokka for å sikra elva