Hopp til innhold

Ville bomba Odda

20 bombefly var i lufta - klare til å bomba Odda 26. februar 1942. Men så blei oddingane redda av dårleg vêr!

Bombefly på veg til Odda
Foto: Arkivfoto

 

Odda
Foto: Egil Torheim / NRK

20 engelske bombefly var på veg mot Odda for å bomba industri- og kraftanlegg under 2. verdskrigen.

Målet var å hindra tyskarane i å få råstoff til flyindustrien.

Desse oppsiktsvekkande oppplsyningane kjem først fram no, meir enn 60 år etter. 

 

 

Kamp mot nazisme

Industri- og kraftanlegg var målet, men truleg ville heile Odda blitt jamna med jorda dersom planen hadde blitt gjennomført.

Engelske bombefly på tokt under 2. verdskrigen var eit forsvarverk som kjempa same kampen mot nazismen som dei fleste nordmenn.

Men den same kampen kunne også tidvis vera retta mot Noreg og norske installasjonar.

26. februar 1942 drog 20 slike fly mot Noreg for å bomba tyske og norske industrianlegg i Odda.

 

Offiser og kjentmann, James Mc Ewan
Foto: Arkivfoto

Kjentmann fortel om planen

Offiser i Royal Air Force, James McEwan, var med som kjentmann under dette toktet.

- Me skulle fly inn Hardangerfjorden og mot Odda, og bomba installasjonane der, fortel han.

Opplysningane blir også stadfesta i det britiske forsvardepartementet.

Det er første gongen denne historia blir fortald, men når kraftselskapet Tyssefaldene si 100 års jubileumsbok blir presentert i april, er den også med der.

For dårleg vêrmelding

Det er Jan Gravdal som skriv om kvifor engelskmennene ville bomba Odda.

- Det var jo for å stoppa produksjonen til Herman Göring og Luftwaffe. Den tyske flyindustrien var svært farleg for dei allierte. Og her inne bygde tyskarane opp eit digert aluminiumsanlegg, som skulle produsera aluminium til fly. Engelskmennene ville difor ta knekken på dette anlegget og sannsynlegvis også kraftanlegget, fortel Gravdal.

Men heldigvis for Odda og Tyssedal blei bombetoktet aldri fullført.

- Vêrmeldingane var så dårlege nett då at dei måtte avbryta heile toktet. Odda blei difor redda av dårleg vêr, seier Gravdal.