Hopp til innhold

Skulen mintest 9-åringen på Aurdalslia skole: – Elevane er veldig prega

AURDALSLIA SKOLE (NRK): Medelevane tente måndag lys i gymsalen. Eit søsken av den 9 år gamle jenta ligg alvorleg skadd på sjukehus. – Me håpar på det beste, at utfallet skal bli bra, seier rektor.

Rektor Terje Tviberg på Aurdalslia skole

TENTE LYS: Medelevane til 9-åringen tente måndag lys for den avdøde klassevenninna. – Det var i det heile ei fantastisk fin og verdig minnestund, seier konstituert rektor Terje Tviberg.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Måndag flagga to skular i Ytrebygda på halv stong etter dødsbrannen på Søreide laurdag morgon. Seks personar blei frakta til Haukeland universitetssjukehus, fire av dei medvitslause.

Laurdag kveld døydde ei ni år gamal jente på Haukeland. Jenta var elev ved Aurdalslia skole på Sandsli.

Der mintest medelevar og klassekameratar 9-åringen med tente lys og minnestund i gymsalen måndag føremiddag.

Barna i klassen til jenta fekk tenna lys, og ein prest snakka om sorg og sorgreaksjonar til barna på skulen.

– Det var i det heile ei fantastisk fin og verdig minnestund for jenta, seier konstituert rektor Terje Tviberg.

Flagges på halv stang ved Aurdalslia skole i Ytrebygda

HALV STONG: Det blei flagga på halv stong ved Aurdalslia skole i Ytrebygda måndag.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Situasjonen uavklara for søsken

Under minnestunda blei det spelt musikk som jenta var glad i. Familien på sju var opphavleg frå Syria, og det kurdiske miljøet i Bergen har reagert med sorg på det tragiske utfallet.

Rektor Tviberg skildrar ei jente som var stolt over landet ho kom frå og stolt over å få koma til Noreg.

– Ho delte velvillig av den kulturarven ho hadde med seg frå sitt heimland. Det blei ein fin seanse her inne, seier Tviberg.

Rektoren seier barna reagerer og handterer sorga ulikt, men legg ikkje skjul på at dødsbrannen har gått hardt inn på elevar og lærarar.

– Barna er veldig prega av det som har hendt. Dei tilsette er godt tekne vare på, sjølv om det er ein tung og vanskeleg situasjon å stå i, når dei samstundes skal stå rakrygga saman med barn som har opplevd å mista ein medelev, seier Tviberg.

Alvorleg for to barn og ein vaksen

Også eitt av søskena til jenta er elev ved Aurdalslia skole. Vedkomande er framleis innlagd på Haukeland sjukehus.

Tilstanden for to barn og ein vaksen er framleis alvorleg og uavklara, opplyste politiet til NRK måndag ettermiddag.

Rektoren stadfestar overfor NRK at eit søsken av den avdøde er elev ved skulen.

– Det eg kan seia er at me håpar på det beste, at utfallet skal bli bra, seier Tviberg, som omtalar det tragiske utfallet som «uverkeleg».

Politiførstebetjent Silje Harjo og spesialetterforsker Johnny Olsen fra Kripos på veg inn på brannåstedet i Ytrebygda i Bergen

KRIPOS: Politiførstebetjent Silje Harjo og spesialetterforskar Johnny Olsen frå Kripos på veg inn i huset på Straumsgrend i Ytrebygda.

Foto: Oddgeir Øytstese / NRK

Krimteknisk

Måndag kom krimteknikarar frå Kripos til tomannsbustaden nær Søreide. Då hadde kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt starta arbeidet med å undersøka staden. I løpet av helga blei naboar og innsatspersonell avhøyrde.

Politiet har ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd.

– Me leiter etter arnestaden etter brannen og kva som kan ha forårsaka han, sa spesialetterforskar Johnny Olsen frå Kripos til NRK i føremiddag. Han poengterte at det kan ta tid før konklusjonane frå undersøkingane er klare.

Vest politidistrikt fortel måndag ettermiddag at Kripos og teknikarar frå politidistriktet har tatt ut fleire gjenstandar frå huset til undersøkingar.

Fleire vitne er avhøyrde, blant anna innsatspersonell som rykka ut til brannen, men politiet har foreløpig ikkje fått moglegheit til å snakke med nokon av familiemedlemane.

Politiet opplyser og at jenta som døydde sundag skal bli obdusert.