Hopp til innhold

Skulebyråden i Bergen går av

Byråd Linn Kristin Engø (Ap) trekkjer seg etter Vigilo-skandalen.

Skolebyråd Linn Kristin Engø (Ap) går av

GÅR AV: Linn Kristin Engø går av etter Vigilo-skandalen i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

Det varsla Engø sjølv og byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i ein hastig innkalla pressekonferanse klokka 15.00 i ettermiddag.

– Eg har i dag meddelt Roger Valhammer at eg går av som byråd. Eg tar konsekvensen av den politiske situasjonen i Bergen, seier Engø.

Fleirtal for mistillit

Eit fleirtal i bystyret konkluderte i førre veke med at dei hadde mistillit til skulebyråden etter hennar handtering av Vigilo-skandalen. Etter ei høyring i saka uttalte opposisjonen at det dei høyrde var meir alvorleg enn først tenkt.

Etter hektisk gruppemøteverksemd blei det klart at eit fleirtal ville kvitta seg med byråden.

Då sette byrådsleiar Valhammer hardt mot hardt og varsla kabinettspørsmål. Dermed låg det an til full byrådskrise i Bergen.

– Det er fleire enn Engø som har ansvar, sa Valhammer og viste til at han sjølv var skulebyråd før Engø.

Måndag er det altså klart at Engø trekkjer seg som skulebyråd.

– Bystyregruppa har oppmoda meg om å stå løpet ut. Og i helga har eg krangla med sjefen min, Roger. Han er usamd i valet mitt, men dersom eg hadde blitt sitjande, hadde politikken i denne byen gått i feil retning, la Engø til.

Skolebyråd Linn Kristin Engø og kommunaldirektør Trine Samuelsberg under Vigilo-høring i Bergen

HØYRING: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) fekk krass kritikk i høyringa i førre veke.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

SV: – Klok avgjerd

Engø har vore skulebyråd sidan april i fjor, og var ansvarleg byråd for Vigilo-saka. Appen som Vigilo har laga, skal hjelpa til med sikker kommunikasjon mellom skule og foreldre i Bergen.

Men foreldre som av ulike grunnar ikkje skulle ha informasjon om kor borna deira bur, har likevel fått tilgang via appen.

Mikkel Grüner (SV), leiar i utval for barnehage, skule og idrett, leia høyringa i førre veke. Der blei Engø grilla på spørsmål om risikostyring og kontroll med prosjektet som var ansvarleg for utrullinga av Vigilo.

I høyringa viste Engø fleire gongar til teieplikta på spørsmål i utvalet, men Grüner ønskte ikkje å lukka høyringa.

Måndag er han glad for at Engø sjølv har valt å trekkja seg.

– Eg synest det er ei klok avgjerd. Engø skal ha honnør for valet ho har teke, seier Grüner til NRK.

Marte Leirvåg og Eivind Nævdal Bolstad under Vigilo-høringen i Bergen

HARD KRITIKK: Marte Leirvåg (H) meiner det var feil av byrådet å gjere Vigilo-saka politisk. Her med partikollega Eivind Nævdal-Bolstad under høyringa.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Usmakeleg av byrådet

Marte Leirvåg i Høgre er óg klar på at det var rett av Engø å gå av.

– Men eg høyrde ikkje på pressekonferansen at det var noke rom for sjølvkritikk, seier ho.

Fraksjonsleiaren meiner saka har fått feil fokus dei siste dagane etter at byrådsleiar Roger Valhammer varsla kabinettspørsmål allereie før dei andre partia hadde teke stilling til om dei hadde tillit til skulebyråden.

– Det er usmakeleg å få dette til å handla om Linn Kristin Engø. Dette er ei sak som handlar om ei mor som frykta for livet til barnet sitt og seg sjølv - feil som har gjort at folk ikkje har følt seg trygge i Bergen kommune, seier Leirvåg.

Harald Victor Hove, Roger Valhammer og Mikkel Grüner

KRASS KRITIKK: Fredag morgon stilte gruppeleiar Harald Victor Hove (H), byrådsleiar Roger Valhammer og Mikkel Grüner (SV) til debatt hos NRK.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Konfronterte politikarar

På pressekonferansen uttalte Engø at opposisjonspolitikarar «på begge sider av skalaen» dei siste dagane har hevda at Engø ikkje veit eller forstår kva vald i nære relasjonar er.

Bakgrunnen er at ei mor måtte gå i dekning etter at faren og eksmannen blei lagt til i Vigilo-appen, og dermed fekk informasjon om kor barnet gjekk på skule.

– Eg har også lært at korleis politikarar omtalar kvarandre har mykje å seia for kva som blir skrive i kommentarfelt, og meldingar ein mottar, sa Engø om kritikken som har kome mot henne.

Høgres gruppeleiar Harald Victor Hove (H) meiner Engø no tar konsekvensen av at eit fleirtal i bystyret ikkje lenger har tillit til henne.

-– Konklusjonen til Engø er rett, men forklaringa er feil. Eg forstår at det er tøft for Engø, men det høyrer med til jobben. Eg er mest opptatt av at dei familiane som har vore ramma, seier Hove.

Høgre-toppen meiner Arbeidarpartiet gjorde saka til eit politisk spel då Valhammer stilte kabinettspørsmål og truga med at heile byrådet ville gå av.

– Valhammer har med handteringa si bidratt til å forsura samarbeidsklimaet i bystyret.

Linn Kristin Engø (Ap), byråd for barnehage, skole og idrett i Bergen

GÅR AV: Linn Kristin Engø (Ap) går av etter Vigilo-skandalen i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Ein av dei beste politikarane i landet

– Eg beklagar sterkt at ho har kjend seg tvunge til å trekkja seg, seier byrådsleiar Valhammer.

Han la til at byrådet meiner Vigilo-saka er alvorleg, sjølv om han ikkje synest Engø skulle gå av av den grunn.

Også byrådsleiaren er kritisk til ein del kritikk som har kome frå meiningsmotstandarar i bystyret. Fleire har gått langt i slå fast at Engø si handtering i Vigilo-saka har vore svært dårleg handverk.

– Det er ingen tvil om at det er tøft å stå i ein slik posisjon. Ho har fått ein del kommenterar frå andre politikarar som eg meiner er veldig grunnlause, seier Valhammer.

No må byrådsleiaren utnemnda ein ny skulebyråd. Engø er ferdig i byrådet for denne gong, men blir alt anna enn avskilta av sin forgjengar.

– Linn er ein av dei beste politikarane i landet. Ho kjem sterkt tilbake, det er eg sikker på.