Hopp til innhold

Nytt app-avvik i endå ein kommune: No vil mor flytte etter over ti år i skjul

Gjennom skule-appen Vigilo blei opplysningar om barn på hemmeleg adresse gjort tilgjengeleg i Bergen kommune. No har det same skjedd også i ein annan kommune.

Vigilo-appen

APP: Skuleappen Vigilo er meint til kommunikasjon mellom skuletilsette og foreldre.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Førre veke blei det kjent at Bergen kommune hadde gitt foreldre med besøksforbod tilgang til opplysningar om barn på hemmeleg adresse gjennom skuleappen Vigilo.

No kan NRK fortelje at det same har skjedd også i ein stor kommune på Austlandet. Opplysningar om eit barn er gjort tilgjengeleg for ein far som ikkje har foreldreansvar for barnet.

Mora og barnet har levd i skjul for faren i over ti år.

Mora seier at ho no vurderer å flytte, fordi barnefaren gjennom appen nyleg fekk ein e-post om kva skule barnet går på.

– Eg kjem til å leve i frykt inntil vi har flytta, seier mora til NRK.

NRK har valt å anonymisere kommunen for at kvinna og barnet skal vere trygge.

Besøksforbod og hemmeleg adresse

Gjennom skuleappen Vigilo har foreldre utan foreldreansvar fått ein automatisk e-post, med informasjon om kva skule barnet går på.

For meir enn ti år sidan førte ei alvorleg hending til at faren blei dømt til besøksforbod. Mora og barnet valde å gå i dekning.

Men fordi hendinga ligg over ti år tilbake i tid, har dei ikkje lenger sperra adresse eller eit besøksforbod.

Sjølv om barnefaren ikkje har foreldreansvar, fekk han likevel ein autogenerert e-post med informasjon om innlogging til Vigilo, samt namnet på skulen der barnet går.

– Vi beklagar at vi har bidratt til at dette har blitt ein vanskeleg situasjon, seier utdanningsdirektøren i kommunen.

Vigilo-appen i bergen kommune

POLITISAK: Politiet og Kripos er kopla inn i Vigilo-saka i Bergen.

Foto: Therese Pisani / NRK

Kontakta skulen om frykt for barnefar

Sjølv om faren ikkje har foreldreansvar for barnet, blei han likevel lagt til i appen.

Akkurat som i Bergen, oppdaga mora at barnefaren, utan forvarsel, var lagt til i Vigilo då ho tok i bruk appen i oktober.

Barnefaren kan etter barnelova søke om å få opplysningar om dei. Men dersom det er til skade for barnet, kan ein nekte å gje ut opplysningar til han.

Kvinna reagerer sterkt på at han no har fått opplysingane automatisk, utan at ho er varsla.

To gonger har ho fortald den aktuelle skulen om frykta ho hadde for barnefaren.

Ein tidlegare skule har også hatt opplysningar om eit besøksforbod som var gjeldande då barnet gjekk der.

– Skulen burde ha oppsøkt mor for å få dokumentert uroa ho hadde for far, og kva han kunne utsette barnet for, vedgår direktøren for oppvekst og utdanning i kommunen.

Han understrekar samstundes at mor også har plikt til å opplyse og dokumentere ovanfor skulen.

Leverandøren: – Fleire omsyn å ta

– Eg kan bekrefta at me snakkar med denne kommunen om personvernforhold på lik linje med andre kommunar som er kundar hjå oss, seier administrerande direktør Øystein Viland i Vigilo.

Vigilo blir denne hausten tatt i bruk av skular fleire stader i landet.

Til Bergens Tidende tysdag fortalde ei mor i Bergen at dei no lever i frykt på grunn av feilen som er gjort.

Etter at tryggleikssvikten i Bergen blei kjent, har fleire kommunar fjerna personar som låg inne i appen utan foreldreansvar.

– Det som har skjedd i Bergen har vore gjenstand for diskusjonar med alle kommunar vi har eit kundeforhold til. Vi tar situasjonen på største alvor.

På generelt grunnlag seier Viland at kommunane må vera obs på utfordringar knytt til import av data frå Folkeregisteret. Foreldreansvaret kan stå registrert som ukjent eller anna, sjølv om barnet er registrert med føresette.

– Poenget er at det er nyansar som kommunane må ta omsyn til, seier Viland.

Bekymra for at det finst fleire

Barnemora meiner hennar erfaring syner svakheiter om personopplysingane som kommunane hentar ut frå Folkeregisteret.

Ho meiner det finst familiar utan sperra adresse eller eit gjeldande besøksforbod, som kan ha grunn til å frykte at opplysningar om barnet blir delt gjennom Vigilo-appen.

– Eg er uroa for alle dei andre foreldra som trur at alt er i orden. Kor mange er det i same situasjon som meg? Av politiet har eg berre fått beskjed om å ringe 112 om han skulle dukke opp.