Hopp til innhold

– Eg synest det er blitt steike bra

Sjekk korleis Skjervet i Granvin ser ut etter å ha blitt pussa opp for 20 millionar.

Skjervet i Granvin er blitt rusta opp for 20 millionar kroner. Den gamle bilvegen er utbetra, i tillegg til ein ny turiststi opp langs Skjervafossen.

KLART FOR OPNING: Prosjektet er ferdig, men den offisielle opninga er ikkje før i slutten av mai. Foto: Leif Kåre Havås.

Det hadde ikkje gått mange dagane frå dei innleigde sherpaene var ferdig med den nye turstien opp gjennom Skjervet i Granvin, før Leif Kåre Havås bestemte seg for å vise fram byggverket.

– Det er blitt steike bra. Eg er kry over at me har noko i Granvin som utlendingane kanskje vil synast godt om, seier mannen som tok med seg kamera og drone og gjekk turen frå nedst til øvst, kanskje som den aller første utanom arbeidsfolka sjølve.

– Dei var nett ferdig med arbeidet, så eg må ha vore ein av dei aller første, seier gravensaren, om turen oppover steinstien med kamera.

Leif Kåre Havås

VISER FRAM NYE SKJERVET: Gravensar Leif Kåre Havås var snar med å ta med seg kamera og drone då den nye steinstien var klar i fjor haust.

Foto: Privat

Opning i mai

Då det blei bestemt at riksveg 13 mellom Granvin og Voss skulle leggjast i tunnel forbi Skjervet og Skjervsfossen, blei det samstundes sett av midlar til å ruste opp gamlevegen. Den skal vera open for trafikk sommarhalvåret.

Sjå heile Havås sin video på Youtube!

Men det blei i også sett av pengar til tursti opp ved sida av fossen. Denne blei bygd i løpet av fem månader av sherpaer frå Nepal. Siste arbeidsdag var 4. november 2015.

– Prosjektet er ferdig, men skal ikkje formelt opnast før i slutten av mai, fortel prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen.

LES MEIR: Hentet sherpaer fra Nepal for å bygge vei

– Det er nesten større interesse for Skjervet enn resten av pakko, sjølv om den delen berre er ein brøkdel av heile prosjektet, smiler han, og opplyser at opprusting av gamlevegen i Skjervet og turistvegen opp langs fossen kostar kring 20 millionar kroner. Heile Vossapakko kostar bortimot halvannan milliard.

Kan nyttast til mangt

Prosjektet med tursti langs Skjervsfossen er ein del av Nasjonale turistvegar. I sin omtale av attraksjonen skriv prosjektet:

«Skjervsfossen er ein av to fossar tett i tett med eit fall på 150 meter. Ei naturvandring med stiar og trapper som vil gi forskjellige opplevingar av fossar og stryk, skal stå ferdig sommaren 2015.»

– Det er blitt veldig bra. Stien som sherpaene har bygd er kjempefin, seier prosjektleiaren.

Skjervet blir mellom anna nytta av sykkelrittet Berge-Voss. Skjervsfossen blir nytta av ekstremsportveko, der det blir klatra i fossen.

Her kan du sjå ein alternativ måte å nytte nedoverbakken. Også det frå ekstremsportveko:

Å kjøre ned Skjervet på longboard betyr bare en ting: høy fart, mange fall og fete bilder.