Skal forska på elbil-brannar: – Med dagens utstyr er det umogleg å stoppa spreiing

Brannvesenet i Bergen har fått pengar til å forska på korleis ein effektivt kan sløkka brannar i elbilar. Kunnskapen kan kome til nytte ved brannar i parkeringshus.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

FORSKING: Brannsjef Leif Linde har fått midlar til å forske på korleis ein effektivt kan sløkke brannar i elbilar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ein storbrann i parkeringshus var forventa. I fleire år, sidan den første brannen i ein elbil, har me snakka om at det kunne skje, seier brannsjef Leif Linde i Bergen om katastrofebrannen i parkeringshuset på Stavanger lufthavn Sola tysdag.

Onsdag vart det klart at brannen starta i ein eldre dieselbil.

Med dagens utstyr er det ikkje er mogleg å stoppa ein bilbrann som spreier seg i eit parkeringshus.

– Viss det brenn i ein eller to bilar, skjermar me brannen med eit slags brannteppe. Det fungerer ganske bra. Men når det blir brann i opptil 300 bilar som på Sola, er det umogleg.

Parkeringshuset ved Stavanger lufthavn på Sola dagen etter brannen

300 BILAR: Brannen på Sola lufthamn starta i ein eldre dieselbil og spredte seg raskt til fleire bilar. Brannsjefen i Bergen fryktar batteripakkar i mange elbilar skal ta fyr og har no fått midlar til å forske på korleis dei kan sløkkast.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– El-bilbrann er utfordrande

Linde legg til at det har vore mange bilbrannar i parkeringshus som har blitt handtert greitt før, men at talet på elbilar gjer situasjonen vanskelegare.

– Elbilar med mange batteripakkar ved sida av kvarandre gir ein mykje meir intens brann som ikkje lar seg sløkka med vanlege middel, seier Linde.

Brann- og redningssjef Nils-Erik Haagenrud i Rogaland sa derimot dette til NRK onsdag kveld, om brannen på Sola:

– Her har det brent fleire elbilar, utan at det har gitt nokre store utfordringar for oss i brann- og redningstenesta. Det trur eg skuldast at batteripakkane ikkje har tatt fyr. Dei ligg i botn av bilen og ligg i trygge omgjevnadar, medan bilen eller det som er over av sete og anna, er brent opp.

Linde skriv torsdag til NRK at «det er store ulemper med brann i begge typer biler når de står tett i tett i parkeringshus.»

Han vedgår at det Haagenrud seier, er riktig, men fastheld at brann i elbil-batteri «er meget vanskelig å slukke i forhold til en «ordinær» bilbrann.»

«Batteripakkene er så godt beskyttet at det er vanskelig å komme til, men samtidig er disse også godt beskyttet mot ekstern varmepåkjenning, som Haagenrud er inne på.»

Brann i parkeringshus, sola

UTFORDRING: Mange batteripakkar i moderne elbilar gir utfordringar for brannmannskap. Brannvesenet i Bergen skal forske på korleis dei kan handterast betre.

Foto: Erik Waage / NRK

Startar forsking

Bergen har landets høgaste andel elbilar. Og byen har truleg det brannvesenet som har mest erfaring med brannar i elektriske bilar.

Dessutan var Bergen brannvesen involvert i den dramatiske batteribrannen på den elektriske ferja MF «Ytterøyningen» i oktober.

No har dei fått fleire hundre tusen kroner frå styremaktene til eit prosjekt for å førebyggja, sløkka og hindra spreiing av brannar i elektrisk drivne bilar og skip.

– Me skal ha ein workshop med batteriprodusentane. Me håpar å få starta ei forsking på sløkkemiddel og metodikk som kan få kontroll på brannen raskare.

Denne månaden startar Bergen brannvesen arbeidet saman med batteriprodusentane, Kystverket og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

– Me skal diskutera med dei korleis me skal handtera dette i framtida.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

VANSKELEG ARBEID: Brannen i batterirommet på ferja MF «Ytterøyningen» var krevjande for brannmannskapa. Til slutt eksploderte det i ferja.

Foto: Bergen brannvesen

Ikkje krav om sprinklaranlegg

Parkeringshuset på Sola hadde ikkje sprinklaranlegg. Til dømes Bergen lufthavn Flesland eller Bergen bystasjon har heller ikkje parkeringshus med sprinklaranlegg.

– Det varierer om parkeringshus har sprinklaranlegg eller ikkje, seier Linde.

Flyplassjef på Flesland er tidlegare brannsjef i Bergen, Helge Eidsnes.

– Parkeringshuset vårt er oppført i tråd med krava i plan- og bygningslova, som ikkje krev sprinkling. Til gjengjeld har huset varslingsanlegg, godt med rømmingsvegar, og stigeleidning for brannvesenet.

Helikopterbilde av brann i parkeringshus på Sola

KOLLAPS: KOLLAPS: Mykje av parkeringshuset på Stavanger lufthavn Sola fall saman i storbrannen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kan koma nye krav

Linde meiner det er veldig usikkert om sprinkling hadde stoppa utviklinga av brannen på Sola, men at det hadde hjelpt på ved å dempa temperaturen i starten.

Helge Eidsnes trur ikkje elbil-forbod er aktuelt i parkeringshus, men seier regelverket ofte blir påverka av store brannar.

– Brannen på Sola er den største og mest spesielle Noreg har hatt i parkeringsanlegg. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det vil påverka framtidige krav til deteksjon, varsling, sprinkling og andre tekniske krav i framtidige parkeringsanlegg.

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at med mange elbilar i parkeringshuset vart brannen på Stavanger lufthavn Sola mykje kraftigare og vanskelegare å handtera, og at kunnskap om sløkking av elbil-brann kunne ha kome til nytte i storbrannen.