Hopp til innhold

Sjukehuslegar fryktar årelang tillitskrise

Leganes tillitsvalde i Helse Bergen rasar mot at arbeidsministeren i kveld avslutta noregshistorias lengste sjukehusstreik med tvungen lønsnemnd.

Leger demonstrerer ved Haukeland under streiken oktober 2016

SJUKEHUSSTREIKEN ER OVER: Dei 71 streikande i Helse Bergen skal tilbake på jobb onsdag morgon.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

– Tvungen lønsnemnd løyser ingenting. Dette vil medføra at kampen blir flytta inn på sjukehusa, og me får ei massiv uro og tillitskrise i sjukehusa dei neste åra.

Det seier Geir Arne Sunde, som er føretakstillitsvald i Legeforeningen i Helse Bergen.

Geir Arne Sunde

TILITSKRISE: Tillitsvalde Geir Arne SUnde i Helse Bergen seier norske sjukehus no blir prega av tillitskrise i årevis, etter at streiken vart stoppa.

Foto: Helge Asbjornsen

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) greip tidleg tirsdag kveld inn med tvungen lønsnemnd i den landsomfattande sjukehusstreiken som har vart sidan 7. september.

Den utløysande årsaka til at ho avslutta streiken, var at Nordlandssykehuset i Bodø varsla at dei ikkje lenger kunne garantera for pasientanes tryggleik.

– Slik situasjonen har utvikla seg har eg ikkje noko val. Den aktuelle situasjonen med udekka vakter ved Nordlandssykehuset inneber at det har oppstått fare for liv og helse som følge av streiken. Streiken har også ført til svært mange utsette undersøkingar, behandlingar og konsultasjonar, seier Hauglie.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) seier ho ikkje hadde anna val enn å gripa inn med tvungen lønsnemnd i sjukehusstreiken.

Foto: NRK

Dermed er dei 71 streikande i Helse Bergen tilbake på jobb i morgon tidleg.

– Dei uthula streikeretten

– Spekter framprovoserte streiken, og deretter spekulerte dei frå dag med å styra mot nettopp tvungen lønsnemd. Dei har nekta å bruka dispensasjonane dei har fått innvilga, som er vanleg i streik, så dette er ein målretta aksjon for å uthula streikeretten på sjukehusa. Det er det dei i praksis har gjort, meiner Sunde.

– Men streiken har jo vart lenge, utan at det kjapt vart tvungen lønsnemd?

– Ja, men grunnen til det er utelukkande at uttaket av kven som skulle streika har vore forsvarleg og nøkternt, utan å skada psykiatri, rus, barn eller kreft. Likevel klarte Nordlandssykehuset å framprovosera lønsnemd, meiner Sunde.