Hopp til innhold

Her jobbar brannmannskapa etter eksplosjonen på ferja: – Vil koste 20 millionar å reparere

Heile bildekket bula ut etter at batterirommet på ei ferje i Sunnhordland eksploderte. Den første brannen i ei batteriferje i Noreg kan få konsekvensar for korleis nye ferjer blir bygd.

Her jobber brannmannskapene etter eksplosjonen på ferja

BRANN OG EKSPLOSJON: Det var krevjande arbeid for brannvesenet då det for første gong brann i ei batteriferje i Noreg. Bildet er tatt med drone og infrarødt kamera.

Foto: Bergen brannvesen

Torsdag kveld byrja det å brenne i batterirommet på den ombygde ferja MF «Ytterøyningen» i Sunnhordland.

Brannalarmen gjekk nokre hundre meter frå Sydnes ferjekai og både passasjerar og mannskap kom seg på land før situasjonen eskalerte.

Fredag morgon eksploderte det under dekk på ferja, som er ombygd til hybrid drift på diesel og batteri.

Etter å ha fått slept ferja til reparasjon i Ølen, har ferjeselskapet fått litt meir oversikt over skadane. Dei er svært omfattande.

– Vi snakkar nok rundt 20 millionar kroner i reparasjonar, minst, seier regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker til NRK.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

BRANN OG EKSPLOSJON: Det byrja å brenne i MF Ytterøyningen i Sunnhordland denne veka.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Heile dekket bular

Han fortel at heile bildekket har bula ut etter eksplosjonen. Det brann i batterirommet og i tavlerommet vegg i vegg. Desse romma strekkjer seg over heile breidda på ferja.

– Store delar av dekket må skjærast heilt opp. Dette kjem til å bli omfattande, kostbart og tidkrevjande. Det vil ta månadar før den er tilbake i trafikk på sambandet, seier Utåker.

Han fortel at batteria på ferja ikkje hadde vore i drift på over to veker, grunna ei ombygging frå produsenten av lithiumbatteria.

– Eg må innrømme at eg ikkje hadde trudd det skulle bli så alvorleg med brann i eit batterirom. Vi veit ikkje årsaka til kvifor det byrja å brenne, seier Utåker.

Brannmenn i arbeide på MF Ytterøyningen

KJEMIKALIEDYKKARAR: Det danna seg farleg gass nede i batterirommet på ferja etter brannen. Kjemikaliedykkarar frå brannvesenet i Bergen vart henta inn.

Foto: BERGEN BRANNVESEN

– Kan få konsekvensar for nye ferjer

Måndag kjem både forsikringsselskap, batteriprodusent og politi til verftet i Ølen. Også Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er tett på saka.

For alle er det viktig å finne årsaka til kvifor det byrja å brenne i batterirommet. Heile ferjeindustrien i Noreg er nemleg inne i ei stor omstilling til hybride eller heilelektriske ferjer.

Fram til 2021 er det venta at 60 ferjer her til lands går på batteri, skriv Teknisk Ukeblad.

Dette er første gong det har byrja å brenne i ei batteriferje i Noreg.

– Vi har fire store ferjer og tre mindre under bygging, i tillegg til to ombyggingar. Det blir heilt avgjerande å komme til botns i kva som har skjedd her, fordi det potensielt kan føre til endringar i nybyggingar og ombyggingar, meiner regionsjefen i Norled.

Hel-elekriske ferja Ampere

OMSTILLING: På fleire ferjesamband er det i anbodet krav om at det skal vera null- eller lågutsleppsferjer i trafikk. Her er den heilelektriske ferja Ampere i aksjon mellom Lavik og Oppedal på E39.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ynskjer rask avklaring

Sjøfartsdirektoratet bekreftar at dei følgjer hendinga tett. Dei har hatt to representantar på Sydnes ferjekai for å sjå nærare på ferja.

– Dette er ny teknologi og når det skjer slike ting er det sjølvsagt stor interesse. Det er litt tidleg å seie noko om eventuelle konsekvensar for nye ferjer, men me ynskjer å få raskt avklart kva som har skjedd, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Førebels er det ikkje dukka opp informasjon som gjer at Sjøfartsdirektoratet sender ut varsel om strakstiltak på batteriferjer i Noreg.

– Vi vil skaffe informasjon om hendinga og batteriteknologien som er brukt på denne ferja, slik at det kan følgast opp mot liknande anlegg på andre fartøy, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Det braut ut brann i batterirommet på MF «Ytterøyningen»

TOLV TIL SJUKEHUS: Tolv brannmenn som var med i sløkkearbeidet torsdag kveld, vart send til sjukehus for observasjon etter brannen. Ein frykta dei var eksponert for flussyre.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Til sjukehus etter mogleg gasseksponering

Laurdag skreiv avisa Kvinnheringen at tolv brannmenn måtte til sjukehus for observasjon etter å ha vore med på sløkkinga av brannen.

Årsaka var frykt for eksponering av den farlege gassen flussyre (ekstern lenke).

– Alle blei rekna som eksponerte og derfor sendt til rutinesjekk etter «føre var»-prinsippet, seier brannsjef Atle Josdal i Kvinnherad til avisa.

Utåker forklarer at gassen vart danna i batterirommet. Han er glad for at ferja var nær land då brannalarmen gjekk, slik at dei rakk å få folk i land før fleire vart eksponert for røyken.

– Den siste som har vore inne på sjukehus for observasjon er no på veg heim. Det går bra med alle, men dei har fått beskjed om å kontakte lege om dei kjenner på symptom, seier brannsjef Josdal til NRK søndag.

Måndag skal dei gå gjennom branninnsatsen i ein debrief på hovudstasjonen i Kvinnherad.

SUNNHORDLAND: Ferja byrja å brenne på veg inn til Sydnes ferjekai. MF «Ytterøyningen» går i trafikk mellom Fjelberg, Sydnes på Halsnøy, Utbjoa og Skjersholmane på Stord. MF «Sveio» er no sett inn som reserveferje på sambandet.