Hopp til innhold

Sjekkar alle skular i Hordaland

Fylkesmannen sjekkar no alle skular i fylket, etter avsløringar av den elendige tilstanden for skulane i Bergen.

Møhlenpris skole

MØHLENPRIS: Dette er ein av skulane som slit med dårleg inneklima.

Foto: Gunhild Agdesteen / NRK

Lars Sponheim

KREV SVAR: Fylkesmann Lars Sponheim.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

I dag sender Fylkesmannen brev til alle kommunar i Hordaland, og ber om tilbakemelding på korleis tilstanden er.

Får frist til 15. mars

Innan 15. mars skal alle kommunane i Hordaland og fylkeskommunen senda inn opplysningar om planar for utbetring.

Tidlegare kartleggingar har vist at mange skular ikkje tilfredsstiller krava i opplæringslova, og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler, skriv Fylkesmannen i Hordaland på sine nettsider .

Fylkesmannen påpeigar at eigar av skulane har ansvar for å setja skulane i stand og for vedlikehald av dei.

Krev fleire svar

– Ei kartlegging i 2010 viste at mange skular ikkje tilfredsstilte krava, og at planar for utbetring av dei var langt fram i tid, skriv fylkesmannen Lars Sponheim i brevet som blei sendt ut i føremiddag.

Fylkesmannen krev svar på ei rekkje spørsmål:

• Namn på skular som pr. dags dato ikkje oppfyller krav til fysisk skulemiljø, her også medrekna skular som tidlegare er godkjende på vilkår utan at vilkåra er oppfylte
• Kva utbetringar som er nødvendige ved kvar skole, og opplysningar om eventuelle mellombelse tiltak som er sette i verk i påvente av at utbetring blir utført
• Kva tid (år) utbetring skal vera utført
• Kva tid det sist blei ført kommunalt tilsyn med skulen/skulane og kopi av rapport/dokument frå tilsynet

Store etterslep i Bergen

Landås skole i Bergen

STENGT: Landås skole i Bergen er stengt på grunn av dårleg inneklima.

Foto: NRK

Fylkesmannen viser i brevet til presseoppslag om inneklima på skulane i Bergen den siste tida.

Tilsynssaka kjem om lag ein månad etter at Fylkesmannen starta tilsynssak om skulebygningane i Bergen , fordi mange av bygningane er i svært dårleg stand.

Møhlenpris skole er blant skulane i Bergen som er svært nedslitne, og byrådet vedtok nyleg at heile skulen skal stengast og pussast opp .

Les og: