Hopp til innhold

Krev oppfølging på Landås-løfte

Byrådet har vedteke å byggje ein heilt ny skule på Landås. Opposisjonen i bystyret krev no ein forpliktande pengeplan.

- Skulebyråd Harald Victor Hove må kome med ein forpliktande økonomisk plan slik at me kan stole på at det kjem ein ny skule på Landås i 2014.

Det seier leiar for oppvekstkomiteen i Bergen Pål Hafstad Thorsen (Ap).

I går vedtok byrådet å byggje ein heilt ny skule på Landås til 200 millionar kroner.