– Mine sykunnskapar er lik null, så det er veldig inspirerande å sjå kva deltakarane får til, seier Christine Hope som er humoristisk skodespelar.
Ho er programleiar for «Det store symesterskapet», og skal saman med dommarane Tine Solheim og Andreas Feet utfordre deltakarane i serien fram mot jul.
I seks onsdagar etter kvarandre får dei til saman åtte deltakarane prøve sykunnskapane sine.
Kvart program byr på tre oppgåver, ei etter mønster, ei med redesign, og ei større oppgåve.
– Det er litt slik at ein spør seg om deltakarane verkeleg berre er amatørsyarar, for det er eit veldig høgt nivå, seier Christine Hope.
– Du blir inspirert, og det er litt slik at eg går tilbake til mitt eige klesskap og tenkjer på å flytte ein knapp på eit skjørt, eller å gjere skjørtet kortare, seier ho.
Les meir om programmet og deltakarane lenger nede i artikkelen.
Sjå alt som var laga episode for episode her:
- Prøv deg på skjørtet fra finaleprogrammet:
- Vil du prøve deg på silke? (PDF-fil)
- Sy vest? Last ned PDF-fil fra program 4:
- Ingen møster frå episode 3.
- Få oppskrifta frå program 2:
- Sjå korleis du kan sy:
Blir utfordra
Det går fort i svingane i del to av «Det store symesterskapet», og sjølv dei dyktigaste syrarane gjer feil under tidspresset. Anne går på ein ny smell når det skal lagast tights, men kanskje klarar ho å imponere likevel?
– Eg tenkte at tights var litt kjedeleg å sy, men når deltakarane valde stoffet og sette delane saman, så vart det fantastisk kule og tøffe tightsar. Den som vann kunne eg faktisk tenkt meg sjølv, seier Christine Hope.
I oppgåve to gjer deltakarane om noko maskulint til noko feminint, og som alltid i redesignoppgåva blir kreativitet lagt merke til av dommarane.
I den største oppgåva må deltakarane verkeleg imponere dommarane då dei skal lage eit ytterplagg. Fordi plagget skal sitte godt på ein modell må mange av deltakarane tenkje heilt nytt og må justere mønsteret sitt.
- SJÅ DEL TO AV PROGRAMMET HER:
Hettegenser og redesign
I første del av «Det store symesterskapet» får mange av dei åtte deltakarane prøvd seg på å sy i stretch for første gong. Hettegenser skal syast etter mønster og det er mange detaljar å passe på.
I tillegg får deltakarane utfordringa om å redesigne kvar sin raude kjole om til ein feminin topp. Der scorar ein høgt viss ein er kreativ.
Til slutt får deltakarane verkeleg vise kva dei kan då dei skal lage eit statement-skjørt.
– Då modellen kom gåande med Walter sitt skjørt, så var det berre heilt «wow» og det såg heilt fantastisk ut, men på TV synst eg ikkje det kom så godt fram, seier Christine Hope.
– For meg var det eit høgdepunkt, og eg vart djupt imponert over det, seier ho.
Maiken Skram
Alder: 26
Sivilstatus: Sambuar
Bustad: Oslo
Yrke: Student, master i marknadsføring/siviløkonomi
Har eit sikkert blikk for design og finn ofte fram til det blomstrete stoffet.
Taklar stress på strak arm, men ting kan tyde på at det kokar under overflata.
Vegard Øye
Alder: 23
Sivilstatus: Kjærast
Bustad: Bur på Lillehammer, og er frå Trondheim
Yrke: Student, juss
Har vore twintip-utøvar på høgt nivå og gjer framleis halsbrekkande øvingar på ski.
Sjølvlært syar som byrja med å lage skiklede til seg sjølv.
Anne Lyth
Alder: 32
Sivilstatus: Gift og har to barn
Bustad: Oslo
Yrke: Jobbar i Forsvaret med uniformer
Er ein ambisiøs og erfaren syar som syr klede til heile familien sin. Brukar fritida på sying, strikking og kickboksing.
Legg ambisjonsnivået skyhøgt for kvart plagg og slit tilsvarande med tidsfristen.
Kristin Jørgenvåg
Alder: 47
Sivilstatus: Gift og har eit barn
Bustad: Bur på Skedsmo, og er frå Nordmøre
Yrke: Jobbar i dag på Ahus. Har tidlegare vore kunst- og handtverklærar
Starta å sy som jentunge og er sjølvlært.
Stiller krav til seg sjølv om å alltid ha på seg minst eitt sjølvlaga plagg.
Willy Nyland
Alder: 36
Sivilstatus: Singel
Bustad: Bur i Praha, og er frå Bodø
Yrke: Grafisk teknikar i fotobedrift
Ein teknisk dyktig hobbysyar som ofte tenkjer litt annleis enn andre.
Er sjølvlært syar og byrja å dyrke hobbyen i 2008. Då tok det heilt av, og Willy syr no alle kleda sine sjølv.
Er også tangodansar på fritida.
Walter Heidkampf
Alder: 54
Sivilstatus: Singel
Bustad: Bur i Oslo, og kjem frå Karlstad i Sverige
Yrke: Jobbar som ACMC Meta Coach og driv med informasjonsarbeid om HIV for helseutvalet.
Sjølvlært og kreativ syar som likar å jobbe raskt. Galliano er i inspirasjonskjelde.
Kåra til Mr. Gay Norway 2009, og blei nummer sju i Mr. Gay World 2010.
Solveig Hopen
Alder: 44
Sivilstatus: Gift og har tre barn
Bustad: Lommedalen
Yrke: Jobbar som barnekoordinator i Lommedalen meinigheit.
Har sydd sidan ho var barn og er sjølvlært, med unntak av eit par sykurs.
Eit humørfylt petimeter som ofte hamnar i tidsnaud i symesterskapet.
Julie Mydland
Alder: 31
Sivilstatus: Gift og har eit barn
Bustad: Bur i Trondheim, og er frå Kristiansand
Yrke: Arbeidssøkjar
Syr mykje, ikkje minst barneklede, og drøymer om å starte eige barneklesmerke.
Har ein enkel og raffinert stil, og meistrar syteknikkane svært godt.
- Følg «Det store symesterskapet» på Instagram, og merk dine bilete med #nrksy på sosiale medium.
SJÅ FØRSTE DEL AV PROGRAMMET HER: