NRK Meny
Normal

Nektar straffskuld etter eksplosjon

Dei to tiltalte nekta straffskuld då siste akt i den mest alvorlege miljøkriminalitetssaka i Noreg nokon sinne starta i dag.

Eksplosjonen på Sløvåg

SEKS ÅR: 24. mai 2007 eksploderte ein tank på Vest Tank-anlegget i Sløvåg. Rettsoppgjeret går no mot ein slutt.

Foto: Wilheim Benidtson

Rettssak etter Vest Tank-eksplosjonen

LAGMANNSRETTEN: Forsvararane Torbjørn Sognefest Kolås (t.v.) og Per Magne Kristiansen i Gulating lagmannsrett i dag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Snart seks år etter eksplosjonsulukka i Sløvåg i Gulen startar i dag det som truleg vert den siste runden i straffesaka mot personane bak selskapet som dreiv tankanlegget i Sløvåg i Gulen.

Nektar skuld

Det er tidlegare styreleiar og eigar i selskapet, Trond Emblem (53), og rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad, som sitt på tiltalebenken i ankesaka i lagmannsretten.

Då rettssaka starta i dag, svarte dei to nei på spørsmålet om delvis eller fullstendig straffskuld.

NRK.no følger rettssaka i Gulating lagmannsrett i dag.

Historisk rettssak

Trond Emblem

TILTALT: Trond Emblem er tidlegare styreleiar og eigar i Vest Tank. I dag startar saka mot han i Gulating lagmannsrett.

Emblem og Erstad er tiltalt for miljøkriminalitet etter at to tankar med giftig avfall eksploderte ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen i Sogn og Fjordane 24. mai 2007.

Store mengder illeluktande avfall etter fjerning av svovel frå eit bensinprodukt vart spreidd ut over bygda.

– Vi går definitivt for full frifinning, seier advokaten til Emblem, Per Magne Kristiansen.

– Vi meiner det vil vere å trekkje styreansvaret altfor langt, om ein skal påleggje Emblem ansvar. Dette er forhold som gjeld drift av selskapet og løyve selskapet skal ha, noko som ligg hos dagleg leiar – ikkje hos styret, seier Kristiansen til NRK.no då rettssaka starta i dag.

Saka er den mest alvorlege miljøkriminalitetssaka som har vore i ein norsk rettssak. Frå før er tidlegare dagleg leiar i selskapet Jostein Berland (63) dømd til to års fengsel, etter at Høgsterett skjerpa straffa.

Fekk same straff i tingretten

I dommen frå tingretten vart dei to hovudtiltalte, Berland og Emblem, dømt til eitt og eit halvt års fengsel. Dei vart òg frådømd retten til å driva verksemd i fem år og å vera dagleg leiar i selskap som treng løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet eller Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Berland vart i tingretten sett på som meir sentral enn Emblem i saka. Dei fekk likevel den same straffa.

Begge anka saka si, men Emblem vart permittert på grunn av sjukdom då ankesaka starta. Saka kjem derfor opp igjen først no.

Aktor sin opphavlege påstand var på fire års fengsel for dei to hovudtiltalte.

LES OG: Framleis null aktivitet i Sløvåg

Står fast på full frifinning

Advokaten til Trond Emblem, Per Magne Kristiansen, står fast på at den tidlegare styreleiaren og eigaren ikkje bør straffast for eksplosjonsulukka. Etter ulukka og brannen spreidde store mengder illeluktande avfall etter reinsing av eit bensinprodukt seg i Gulen.

Naboar og tilsette i verksemder i området vart sjuke som følgje av eksplosjonen.

Det har vore gjort fleire helseundersøkingar i kommunen etter ulukka, og mange har hatt helseplager dei siste åra. Så seint som i haust vart det sett i gong nye undersøkingar etter ulukka frå 2007.

Det vert ført om lag 70 vitne i saka, og det er sett av seks veker til behandlinga i lagmannsretten.

Tankeksplosjon i Gulen.

EKSPLODERTE: Tanken på biletet eksploderte – og førte til den mest alvorlege miiljøkriminalitetssaka i Noreg nokon sinne.

Foto: Steinar Lote / NRK

Må stilla i lagmannsretten igjen

Rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad, sitt òg på tiltalebenken igjen i dag. Han må gjennom ein ny runde i retten, fordi Høgsterett oppheva frifinninga av Erstad i lagmannsretten. I første rettsinstans vart Erstad dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår.

– Vi har vore gjennom fleire rettsrundar, og ikkje blitt dømd til anna ein fengsel på vilkår. Eg meiner vi vil komme klar denne gongen òg, seier Erstad sin advokat, Torbjørn Sognefest Kolås.

I førre runde i Gulating lagmannsrett gjekk fem av sju i juryen inn for frifinning for Erstad.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik