Hopp til innhold

Skader for 20 millionar

Eksplosjonane i Sløvåg i Gulen i dag gjorde skade for 20 millionar kroner.

Les:  Tilsette hadde englevakt

 

Kring klokka 10 eksploderte to store tankar på terminalen til Vest Tank i Sløvåg. Den eine tanken inneheldt saltsyre og store mengder vatn, medan det i den andre tanken var avfallsolje frå tankbåtar. I alt inneheldt tankane 200.000 liter brannfarleg veske.

Sjå video frå brannen og intervju med augevitne

Dreiv reingjering av tanken

Dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, seier eksplosjonen skjedde då tilsette på anlegget dreiv på med reingjering av den eine tanken. Ifølgje han var denne tanken tom.

- Dette er ein rein rutineoperasjon som vi har gjort mange gonger, fortel han.

Berga av betongmur

Ifølgje Berland var det åtte tilsette i jobb på anlegget då dei to tankane eksploderte. 

 

Tankeksplosjon i Sløvåg.

Dette er alt som er igjen av eine tanken som eksploderte hos Vest Tank.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Ein person stod rett attmed tanken, men vert berga fordi han stod bak ein betongmur.

Berland seier dei har gode rutinar, og han vil ikkje spekulere i kva som kan ha skjedd. Han opplyser at produksjonen ved anlegget no er stoppa  på ubestemt tid.

Tank lek boreslam

På ein pressekonferanse på politihuset i ettermiddag opplyste brannmeister Helge Eidsnes at ein tredje tank med boreslam vart skadd i eksplosjonane.

- Det lek frå tanken, og mannskap på staden jobbar no med å tette lekkasjen og samle opp stoffet. Denne lekkasjen representerer berre ein miljøføre. Tilbakemeldingane tyder på at det skal gå bra å stoppe lekkasjen, opplyste brannmeisteren på pressekonferansen.

Eidsnes reknar med at det er metallbitar frå eksplosjonen som har skada tanken. Det skal ikkje vere observert skader på andre deler av anlegget.

100 personar evakuerte

I alt vart kring 100 personar evakuerte frå området etter eksplosjonane og den kraftige brannen og røykutviklinga i kjølvatnet.

 

Tankeksplosjon i Gulen.

Enorme krefter har vore i sving under eksplosjonen.

Foto: Steinar Lote / NRK

10 brannfolk måtte sendast til legesjekk, og ein av desse vart sende til sjukehus med røykskader. Den 40 år gamle mannen er innlagt på Haukeland universitetssjukehus med lettare hudirritasjonar.

Ifølgje fylkeslegen i Hordaland er ikkje røyken farleg, men den kan irritere luftvegane og framkalle allergiske reaksjonar.