Hopp til innhold

Siste farvel med Tarald (18)

AUF-nestleiaren i Hordaland gravleggjast i dag.

Hamre kyrkje Tarald Mjelde

ANDRE PÅ FÅ DAGAR: Hamre kyrkje har vore åstad for tung sorg to gonger dei siste fem dagane. Fredag vart Tore Eikeland gravlagt her - og også i dag møtte mange opp i gravferda til Tarald Kuven Mjelde.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Folk utanfor Hamre kyrkje

MANGE HUNDRE: Hamre kyrkje tek litt over 300 menneske. Mange står utanfor og følgjer seremonien via tv-skjermer.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

18 år gamle Tarald Kuven Mjelde vert gravlagt i Hamre kyrkje i heimkommunen på Osterøy i dag. Mjelde vart drepen i skytetragedia på Utøya 22. juli.

Då gravferda starta klokka 13.00 var hundrevis møtte opp for å ta farvel med den engasjerte AUF-aren.

Som under gravferda til partikameraten og medbygdingen Tore Eikeland , vert seremonien overført via tv-skjermar til folk utanfor kyrkja.

Tarald Kuven Mjelde

NESTLEIAR: Tarald Kuven Mjelde (18) frå Osterøy var nestleiar i Hordaland AUF.

Foto: Privat

Til stades i kyrkja er helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen frå Ap.

– Han hadde så mykje å gi. Tomrommet etter Tarald kan ikkje fylles og det er tungt å tenke på at han ikkej vil vere her lenger. Tarald var ein god venn, ien støttespelar, ein som alltid stilte opp. Han ville det beste for sine medmennesker, sa Strøm-Erichsen.

Hun forteller frå årsmøtet til Arbeiderpartiet i Hordaland i fjor.

– Han starta sitt innlegg med å seie at han var heldig som kunne stå på talerstolen og snakke fritt, utan frykt. Ikkje alle har ein slik mulighet, sa han.

Strøm-Erichsen fortalte at Mjelde var sterkt engasjert i internasjonal politikk og deriblant situasjonen i Tchad.

Etter gravferda i dag vert det også halde ope hus i ungdomshuset i Valestrand, der ungdommar og andre kan samlast.

Tarald Kuven Mjelde blir av vener skildra som svært lun, triveleg og samfunnsengasjert.

Guten frå bygda Valestrand var nestleiar i Hordaland AU, og nestleiar i Nordhordland AUF. Han var også leiar for Europeisk Ungdom på Bergens Handelsgymnas (BHG), der han skulle byrja på sisteåret på vidaregåande skule no i august.