NRK Meny
Normal

Siren kan få helikoptertrafikk over hyttetaket hundre gongar i veka

EIDFJORD (NRK): Statkraft har søkt om konsesjon for å fly turistar ved ein av dei best besøkte naturattraksjonane i landet og inn i populært hyttefelt. – Støyen vil rasera området, seier hytteeigar Siren Toftesund.

Siren Toftesund på hytta i Sysendalen

SJOKKERT: Hytteeigar Siren Toftesund i Sysendalen er sjokkert over omfanget av helikoptertrafikken som Statkraft skisserer i søknaden sin.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me bygde hytta for å få fred og ro. Om helikopter skal gå skytteltrafikk tjue gongar om dagen, vil det øydelegga idyllen fullstendig, seier hytteeigar Siren Toftesund.

Ho har bygd hytte i ein av dei mest populære hyttekommunane i landet. Men no fryktar dei mange hytteeigarane Statkraft sine luftige planar.

Kraftselskap søker om lov til turistflyging

I november i fjor søkte Statkraft om konsesjon for ein landingsplass til helikopter i Simadalen (sjå kart).

På grunn av etterspurnad frå kommunen, har Statkraft også søkt om konsesjon for turistflygingar, med ei øvre grense på 2200 såkalla «flyrørsler» i året. Det svarar til 1100 årlege flyturar.

– Me skulle uansett søka om konsesjon for landingsplassen, så me søkte for turistflyging i tilfelle det skulle oppstå ein trong for det, seier Vidar Riber, kraftverkssjef for Statkraft i Hardanger.

Kan få sjå fossen frå lufta

Hyttefolket er redd konsesjonen opnar for helikoptertrafikk mot Vøringsfossen, Sysendammen og Hardangerjøkulen. I verste falll fryktar dei trafikk gjennom Sysendalen og hyttefeltet til Toftesund.

Statkraft skriv at aktiviteten truleg blir størst om sommaren, når dei mange cruiseturistane med anløp i Eidfjord tar over fjordarmane.

I verste fall fryktar hyttefolket å få over 100 flygingar i veka over taket i turistsesongen.

Gunnar Garen

GRUNNEIGAR: Gunnar Garen er grunneigar og eigedomsutviklar. Han fryktar hyttetomtene han har selt som hakka møkk, taper seg i verdi. – Kven vil kjøpa hytte når det går helikopter over hyttetaket 20 gongar om dagen?

Foto: Tale Hauso / NRK

Hyttefolk og grunneigarar reagerer sterkt på planane. Fleire velforeiningar har allereie varsla at dei vil koma med innspel til planane.

Grunneigar Gunnar Garen fryktar flytrafikken vil rasera idyllen i høgfjellet og redusere verdien av hyttetomtene hans.

– Kanskje det er moro for dei som sit oppe i helikopteret, men for alle andre vil det vera totalt øydeleggande.

Laster kart, vennligst vent...

DETTE FRYKTAR HYTTEEIGARANE: Hyttefolket i Sysendalen fryktar eit scenario der helikopterturistar flyr over Vøringsfossen, Sysendammen og i nærleiken av isbreen Hardangerjøkulen.

Ordførar stiller seg positiv

Riber understrekar at det enno ikkje ligg føre konkrete planar om flytrafikk.

Men om søknaden går i boks, ligg alt til rette for kommersiell lufttrafikk ved inngangen til Hardangervidda nasjonalpark.

– Viss det er snakk om 100 flygingar over hyttetak, kan det verka mykje. Eg trur det blir teke omsyn, slik at dette ikkje blir belastande for hytteeigarane, seier Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit (Sp).

Han seier kommunen i lang tid har etterlyst ein godkjent landingsplass for helikopter, og stiller seg positiv til søknaden – og til helikopterturismen.

– Denne typen turisme er ikkje spesielt ynskt, men me ynskjer aktivitet og då må me ha dette tilbodet òg.

Siren Toftesund, hytteeier Sysendalen

IKKJE FLYTTA: Siren Toftesund vil ikkje ha hytte andre stader. No håpar ho mange seier nei til helikopterplanane.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kan ikkje flytta hytta vår

Luftfartstilsynet har sendt søknaden på høyring. Hordaland fylkeskommune har alt rådd frå å godkjenna søknaden, mellom anna fordi helikopterstøyen kan føre til mange konfliktar.

No håpar Toftesund at også Fylkesmannen og etter kvart politikarane seier nei.

– Me kan ikkje flytta hytta vår til ein annan stad. Det vil vera trist om heile dalen skal bli forringa av støy.