Sikta sjukepleiar har jobba ved fleire sjukeheimar sidan 2016

Kvinne i 40-åra sikta for å ha dopa ned fire pasientar ved sjukeheim i Bergen. – Alvorleg og heilt uakseptabelt, seier fylkeslegen.

Ladegården sykehjem i Bergen

DOPA NED: Det var på Ladegården sjukeheim i Sandviken i Bergen at fire eldre pasientar vart dopa ned av ein sjukepleiar. Den sikta vart arrestert langfredag.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Kvinna i 40-åra har tilstått å ha dopa ned fire eldre pasientar ved Ladegården sjukeheim i Bergen.

Ho vart arrestert fredag og fengsla i fire veker i Bergen tingrett sundag, sikta for kroppsskade.

Bergens Tidende skriv at sjukepleiaren var innleigd vikar frå byrået Smart Bemanning, og at ho byrja i vikarbyrået i 2016.

– Dette er veldig trist, spesielt for pasientane og pårørande. Men det er også ein trist sak for sjukepleiaren, seier dagleg leiar Katharine Gude Aspvik til NRK.

Ho har sendt ei liste til politiet over stader sjukepleiaren har jobba for vikarbyrået sidan 2016. Aspvik vil ikkje seie kor mange institusjonar det er snakk om, men bekreftar at det er fleire.

Samstundes etterforskar politiet om fleire pasientar har blitt utsett for det same på institusjonar der ho har jobba.

Katharine Gude Aspvik

- TRIST OG ALVORLEG: Slik omtalar dagleg leiar Katharine Gude Aspvik i Smart Bemanning saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Uakseptabelt

Saka er meldt til Fylkeslegen. Tysdag vil dei avklare med politiet kva som er gjort og kva dei vil gjera vidare.

– Dette er svært alvorleg og heilt uakseptabelt. Det viktigaste for oss er pasienttryggleiken, og den er varetatt ved at ho er tatt ut av teneste, seier fylkeslege Helga Arianson.

Fylkeslegen vil opprette tilssynsak mot sjukepleiaren. Ho risikerer tap av autorisasjon.

Aspvik i Smart Bemanning seier dei gjekk grundig gjennom papira til den sikta sjukepleiaren då ho vart tilsett i 2016.

– Vi har gode rutinar for kvalitetssjekk. Vi har henta inn politiattestar, sjekka referanser og undersøkt ho opp mot Helsetilsynet. Der finst det ingen saker. Vi vil sjølvsagt gå gjennom rutinane våre for å sjå om det er noko vi kan bli betre på

Rebekka Ljosland

REAGERER STERKT: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF), som sjølv er sjukepleiar, reagerer sterkt på kva den sikta har gjort.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Helsebyråden: – Ikkje ein rutinesvikt

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) i Bergen takkar dei andre tilsette på sjukeheimen for å reagere og melde frå så raskt som dei gjorde.

Ho er sjølv utdanna sjukepleiar og jobba som det fram til ho vart helsebyråd i 2015.

– Eg har aldri høyrt om liknande før. Men dette er ikkje ein rutinesvikt slik eg ser det i dag. Dette handlar først og fremst om eit alvorleg lovbrot. Vi vil sjølvsagt gå gjennom rutinane vi har på medikamenthandtering og bemanningsbyrå.

– Men har kommunen gode nok rutinar for kven som får lov til å jobbe på sjukeheimar i Bergen?

– Helsepersonell har alltid moglegheita til å gjera lovbrot og vi er prisgitt at dei følgjer etikken og kunnskapen som dei skal ha. Slik som dette skal ikkje ein sjukepleiar oppføre seg, svarar Ljosland.

Bakgrunn: Sjukepleiar innrømmer å ha dopa ned pasientar: – Gjorde det ikkje for å skade

Beroligande

Forsvarar Gisle Didriksen sa til NRK tidlegare i dag at kvinna erkjenner straffskuld for det ho er sikta for.

Han vil ikkje kommentera kvifor kvinna dopa ned sjukeheimspasientane, men presiserer at ho ikkje gjorde det for å skade nokon.

- Ho har brukt medikamentene for å roe ned dei aktuelle pasientane i den situasjonen ho var i, aleine på vakt på den aktuelle sjukeheimen, seier Didriksen.