Hopp til innhold

Sjukepleiar innrømmer å ha dopa ned pasientar: – Gjorde det ikkje for å skade

Helsepersonell ved sjukeheim i Bergen reagerte då fire eldre pasientar var unormalt trøytte om morgonen.

Det er Bergens Tidende som melder at politiet i helga arresterte og sikta ein sjukepleiar i Bergen.

Kvinna i 40-åra er mistenkt for å dopa ned minst fire eldre pasientar ved ein sjukeheim i Bergen.

– Ho har gitt dei medisinar dei ikkje skulle ha. Siktinga gjeld kroppsskade, men vil sannsynlegvis bli utvida til å også gjelde brot på helsepersonellova, seier politiadvokat John Lode Roscoe til BT.

Har tatt blodprøvar

Han seier vidare at kvinna skal ha gjort dette «for egen bekvemmelighets skyld».

Sjukeheimspasientane vart innlagde på Haukeland universitetssjukehus.

Til NRK måndag seier Roscoe at kvinna i avhøyr har forklart seg om kva ho har gitt til dei eldre pasientane, men han ynskjer ikkje å gå i detalj om det.

– Det er tatt blodprøve av pasientane for å etterprøva kvinna sin forklaring, seier Roscoe.

Forsvarar: – Gjorde det ikkje for å skade

Advokat Gisle Didriksen er nemnd opp som forsvarar for den sikta sjukepleiaren.

– Ho erkjenner straffskyld for siktinga, men eg vil ikkje gå nærmare inn på hennar forklaring om kvifor ho gjorde dette.

– Gjorde ho det for å skade pasientane?

– Definitivt ikkje, svarar Didriksen.

Var uvanleg trøytte

Sjukepleiaren var nattevakt og einaste person på jobb ved sjukeheimen då neddopinga skal ha skjedd.

Det var andre tilsette ved sjukeheimen som fatta mistanke om kva som hadde skjedd då dei kom på vakt fredag morgon.

– Dei opplevde pasientane som uvanleg trøytte. Dei varsla sin mistanke vidare til leiinga og politiet vart kontakta, seier etatssjef Karl Henrik Nicolajsen i Bergen kommune til NRK.

Kommunen har vidare varsla Fylkeslegen om saka, sett i verk personaltiltak og vil no gå gjennom rutinane sine.

Rebekka Ljosland

HELSEBYRÅD: Rebekka Ljosland (KrF) ser svært alvorleg på saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Helsebyråden skaka

Den sikta sjukepleiaren vart sundag varetektsfengsla i fire veker i Bergen tingrett. Kvinna tok betenkningstid om eventuell anke.

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) seier til NRK at ho ser svært alvorleg på saka.

– Dette er noko som ikkje skal skje. Når ein person bryt lova og gjer noko som er så skadeleg, både for seg sjølv og for alle dei ho skal ta vare på, så er det bra at politiet har tatt saka så raskt.

Ho takkar helsepersonellet på sjukeheimen for å ha reagert raskt.

Undersøker om det er fleire saker

Kvinna var innleigd vikar via eit vikarbyrå og politiet undersøkjer om ho har gjort liknande ting ved andre sjukeheimar.

Også Bergen kommune undersøkjer dette. Allereie mistenker politiet at kvinna skal ha dopa ned ein anna pasient ved same sjukeheim for nokre veker sidan.

Alle dei fire pasientane er skrivne ut frå Haukeland og skal ikkje ha fått varige skader.