Hopp til innhold

Mann sikta for drapsforsøk etter knivstikking

Mannen i 50-åra som vart knivstukken i Odda laurdag, vart i natt operert i Oslo. Tilstanden er framleis kritisk.

Bergen politihus nær

FENGSLING: Mannen som er sikta for drapsforsøk i Odda blir framstilt for fengsling i Bergen måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ein mann i 50-åra vart sendt til Ullevål sjukehus i Oslo med livstrugande skader etter å ha blitt knivstukken fleire gonger i ein leilegheit i Skjeggedalsvegen i Tyssedal i Odda.

Søndag er tilstanden framleis kritisk, opplyser politiet til NRK. Mannen vart operert i Oslo i natt.

– Vi har sikta ein mann i 40-åra for drapsforsøk. Begge involverte er kjenningar av politiet, og høyrer til eit rusbelasta miljø, seier politiadvokat Line Skjengen i Vest politidistrikt.

Drapsforsøk

I går vart det opplyst frå politiet i Hardanger at mannen var sikta for grov kroppsskade, men siktinga er altså meir alvorleg.

– Det er på grunn av dei skadane som fornærma er påført og at det er brukt kniv som gjer at vi har sikta han for drapsforsøk, fortel Skjengen.

Ho ynskjer ikkje kommentere fleire detaljar rundt kva som har skjedd, då politiet ikkje har avhøyrt alle vitna til knivstikkinga. Den sikta blir framstilt for fengsling i tingretten i Bergen måndag.

– Mannen har erkjent dei faktiske forholda, seier politiadvokat Skjengen.

Fengsling på måndag

Meldinga om knivstikkinga kom inn til politiet kring klokka 02.30 natt til laurdag. I ein leilegheit i Skjeggedalsvegen var fire menn samla, men samankomsten enda med at ein mann i 50-åra vart frakta derifrå med livstrugande skader.

Vitne melde frå til politiet om kva som hadde skjedd, og femten minuttar seinare var den sikta arrestert i ein naboleilegheit.

– Eg er forespeila at det blir fengslingsmøte på måndag. Eg har ikkje fått sett saksdokumenta og har difor på noverande tidspunkt ingen kommentarar til saka, seier Thomas Nondal, som er forsvarar for den sikta.