NRK Meny
Normal

Livstrugande skadd etter knivstikking i Odda

Ein mann i 50-åra er livstrugande skadd etter å ha blitt knivstukken fleire gonger i ein leilegheit i Skjeggedalsvegen. Ein mann er arrestert.

Laster kart, vennligst vent...

KNIVSTIKKING: Fire menn var samla i ein leilegheit i Skjeggedalsvegen i Tyssedal natt til laurdag. No er ein mann sikta for grov kroppsskade etter å ha knivstukken ein anna mann i leilegheita.

Politiet fekk melding om knivstikkinga i Tyssedal i Odda like etter klokka 02.30 natt til laurdag.

I ein leilegheit i Skjeggedalsvegen var fire menn samla, men samankomsten enda med at ein mann i 50-åra vart knivstukken fleire gonger.

Vitne melde frå til politiet som 15 minutt seinare arresterte ein mann i 40-åra.

– Han er sikta for grov kroppsskade, seier etterforskingsleiar Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannskontor til Haugesunds Avis.

Frakta til sjukehus i Oslo

Ifølge operasjonsleiar Kjersti Eidsnes, har mannen erkjent forholda. Den fornærma vart først tatt med til Odda sjukehus, før han vart frakta til Ullevål sjukehus i Oslo i morgontimane laurdag.

Mannen er innlagd med livstrugande skader og familien er varsla. Politiet stengde av leilegheita og gjorde undersøkingar laurdag, samt avhøyrt med vitne.

Den sikta er frakta til Bergen og etter planen vil det gjennomførast eit avhøyr av han i løpet av laurdagen.

– Eg er forespeila at det blir fengslingsmøte på måndag. Eg har ikkje fått sett saksdokumenta og har difor på noverande tidspunkt ingen kommentarar til saka, seier Thomas Nondal, som er oppnevnt som forsvarar for den sikta.

Kjenningar av politiet

Totalt fire menn var til stades i leilegheita der knivstikkinga skjedde. Alle kjenner kvarandre, og det var eit av dei to vitna som melde frå til politiet. Politiet fann den sikta i naboleilegheita.

– Vi veit ikkje så mykje om årsaka til knivstikkinga. Det er mogleg det har vore ein krangel på staden, sa operasjonsleiar Kjersti Eidsnes til NRK laurdag morgon.

Ho fortel at alle av dei involverte er kjend for politiet frå før.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.