For to veker sidan omkom ein 10 år gamal gut då han blei påkøyrd av ein bil.
Lågare fartsgrense
Statens Vegvesen har allereie hatt eit møte med Øygarden kommune om saka.
- Me er blitt samde om å vurdera ein del strakstiltak, som til dømes lågare fartsgrense, forbikøyringsforbod og gangfelt, seier Tor Høyland, som er senioringeniør i Statens vegvesen.
Desse strakstiltaka skal vera ferdig vurderte innan påske.
Kartlegg heile strekninga
Vegvesenet skal også utføra ei kartlegging av heile strekninga frå Raudhammaren til kulturhuset.
- Ein gong på våren vil me utføra sjølve tiltaka, fortel Høyland.