Hopp til innhold

Setet losna då piloten skulle lande

Helikopterpiloten måtte sleppe stikka og halde seg fast i taket under landing på Gullfaks B. Alvorleg vedlikehaldsfeil var årsaka, slår Havarikommisjonen fast.

Gullfaks B

ALVORLEG: 150 meter oppe i lufta og like før landing losna setet til helikopterpiloten. Viktige sikringar i setet mangla etter vedlikehald ei veke før nesten-ulukka.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Den alvorlege hendinga skjedde ved Gullfaks B i Nordsjøen 1. april 2010. No har Statens Havarikommisjon levert rapporten om nesten-ulukka.

Helikopteret frå CHC Helikopter Service tok av frå Flesland med 16 passasjerar og to flygarar om bord. Turen gjekk som normalt fram til mannskapet gjorde seg klar for landing.

Då den 48 år gamle kapteinen skulle flytta setet sitt fram, losna det plutseleg frå festeskinnene.

For at setet ikkje skulle ramla ned frå festeskinnene og blokkera styrestikkene på helikopteret, måtte piloten bruke begge henda på halde seg fast i nokre gripehandtak i taket.

S-92 fra CHC Helikopterservice

HELIKOPTER: Det var eit helikopter av denne typen, Sikorsky Aircraft S-92 frå CHC Helikopter Service AS, som var involvert i den alvorlege hendinga ved Gullfaks i 2010.

Foto: Wikipedia /

Viktig sikring mangla

Havarikommisjonen er klare på at viss det lause setet hadde blokkert eller lagt styrestikkene i klem, kunne pilotane ha mista kontrollen over helikopteret.

Helikopteret var 150 meter oppe i lufta då setet losna. Piloten gav beskjed til styrmannen (36) om at han ikkje kunne sleppe handtaka i taket og at styrmannen no var aleine om manøvreringa av helikopteret.

Styrmannen landa helikopteret på oljeplattforma utan at det oppstod fleire problem. Trygt nede på plattforma fekk flygarane montert setet tilbake på festeskinnene.

Då oppdaga dei årsaka til at setet losna. Den fremste stoppmekanismen mangla.

Lærlingar monterte seta

Gjennom granskinga av nestenulukka har Havarikommisjonen komme fram til at det vart gjort vedlikehald på helikopteret berre ei veke før hendinga i Nordsjøen inntrefte.

I den forbindelse vart seta tatt ut av fartøyet. Då seta vart montert på att etter vedlikehaldet, vart ikkje låsepinnar og låsebrakettar sett tilbake på plass slik det er kravd.

Også på styrmannens sete vart det oppdaga feil. Her mangla den bakre låsepinnen. Det var to lærlingar som utførte vedlikehaldet og monterte seta tilbake på plass.

Havarikommisjonen slår fast at kommunikasjonen mellom ansvarleg flyteknikar og lærlingar hjå firmaet som utførte vedlikehaldet ikkje var god nok.

Skjedde igjen tre år etter

Men sjølv om det då kom krav om innskjerpingar av rutinar, skjedde det ei like alvorleg nesten-ulukke på grunn av same feil 21. desember 2013. Denne gongen klarte mannskapet å stabilisera setet til kapteinen. Likevel lente setet seg mot høgre, og kapteinen måtte bruka «betydelege krefter og konsentrasjon for å hindre at det falt ned igjen».

Havarikommisjonen konstaterer at selskapet har innført ytterlegare tryggleikstiltak for å hindra liknande alvorlege hendingar i framtida.

Pilotane haldt roa

CHC Helikopter Service seier hendinga ved Gullfaks B i 2010 enda godt fordi pilotane klarte å halda roa i ein vanskeleg situasjon.

Styrmannen har opplyst til Havarikommisjonen at han ikkje opplevde hendinga som stressande og at vêret heldigvis var så fint som det kan bli i Nordsjøen den dagen.