Normal

Set opp lysregulering grunna høg turisme

Mange turistar fører til trafikkaos på den smale vegen opp mot parkeringsplassen til Trolltunga. Frå måndag av blir det lysregulering.

Trolltunga

HØG TURISME: Den flotte naturen lokkar mange turistar opp til Trolltunga. Dette resulterer også i trafikkaos på veg opp mot parkeringsplassen. No vegen regulert med trafikklys morgon og kveld.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Når bilar kjem både opp og ned får dei problem med å passera kvarandre. Folk må rygga, og ikkje alle er like flinke til det, fortel Anton Langeland, teknisk sjef i Odda kommune.

Skjeggedalsvegen er den einaste vegen ein kan ta seg opp til parkeringsplassen der stien til Trolltunga startar. Den fire kilometer lange vegen er smal.

– Me har hatt situasjonar der folk har køyrd seg fast i vegkanten og liknande.

Lysregulering Skjeggedalsvegen

PRØVEORDNING: Lysreguleringa skal plasserast på vegen mellom Tyssohallen og Skjeggedalen som ei prøveordning, slik at bilane køyrer i èin retning om gongen.

Foto: Google

På måndag set Odda kommune difor opp lysregulering mellom Tyssohallen og Skjeggedalen, slik at bilane som skal til og frå parkeringsplassen køyrer i éin retning om gongen.

– Etter vår oppfatning trur eg det blir enklare med denne reguleringa. Ein står ikkje i fare for å møta på store bussar eller liknande å veg ned eller opp, seier Langeland.

Lysreguleringa blir sett opp som ei prøveordning.

– Ordninga blir evaluert ganske kjapt. Om den fungerer, blir den varig.