Hopp til innhold

Sebastian fall 22 meter og døydde av knusingsskadar – no kan kameraten bli dømt for drap

Mann (22) seier han kasta Sebastian Seterås (21) frå sjuande etasje i høgblokka. No møter dei etterlatne tiltalte i retten.

Sebastian Seterås ble funnet drept i Fyllingsdalen mars 2018

FUNNEN DØD: Sebastian Seterås (21) vart funnen død utanfor ei høgblokk i Fyllingsdalen i Bergen 23.mars 2018. No kan kameraten bli dømd for drap.

Foto: Privat

– Dei pårørande har hatt det vanskeleg etter drapet. Det er mange ubesvarte spørsmål i saka, seier bistandsadvokat Christian Flemmen Johansen.

Måndag startar rettssaka etter drapet på Sebastian Seterås (21) i ei blokkleilegheit i Fyllingsdalen i Bergen. Kameraten (22) er tiltalt for drapet, og mora (50) til den drapstiltalte er tiltalt for å ha fjerna bevis.

Politiet vart tidleg om morgonen 23. mars 2018 varsla av tiltalte om at det låg ein død mann utanfor bustadblokka. For dei som rykka ut til staden, var det tydeleg at den unge mannen hadde skadar etter eit fall frå stor høgde.

Mistenkelig dødsfall Fyllingsdalen

22 METER: Fallet frå sjuande etasje i blokka i Fyllingsdalen er på kring 22 meter, ifølge tiltalen.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Bergens Tidende / NTB scanpix

– Kasta over rekkverket

På denne tida var det oppussingsarbeid i den høge blokka i Dag Hammarskjölds vei og svalgangane i kvar etasje hadde difor mellombelse rekkverk.

Etter kvart avdekka politiet at det ikkje var ei fallulukke som hadde skjedd. I tiltalen skriv Statsadvokaten at Seterås først vart utsett for grov vald inne i leilegheita i sjuande etasje.

Deretter skal den 22 år gamle tiltalte ha løfta kameraten over rekkverket.

Offeret «traff bakken etter eit fall på ca. 22 meter og døde av knusningsskader i hodet», skriv statsadvokat Benedicte Hordnes.

Høyblokk i Bergen der politiet mener drap skjedde

OPPUSSING: Det var mellombels rekkverk i svalgangen i fleire etasjar på høgblokka, då drapet skjedde.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Prøvde å brenne kleda

Mannen er funnen tilrekneleg og kan straffast for drapet. Då rettssaka starta i Bergen tingrett måndag føremiddag, innrømma han straffskuld.

Den tiltalte skal mellom anna ha brukt ei glasflaske til å utøve grov vald mot kameraten.

Statsadvokaten vil også bevise at mora, som budde saman med drapstiltalte, lét vera å skaffa helsehjelp då mannen låg hardt skadd inne i leilegheita.

– Det ligg i tiltalen at vi meiner 21-åringen kunne blitt redda før han vart løfta over rekkverket, seier Hordnes.

Mora er også tiltalt for å ha vaska vekk blod frå golvet og for å ha fjerna sengeklede frå senga der Seterås vart utsett for vald. I tillegg skal ho ha prøvd å brenne kleda til sonen, som var tilsølte med blod.

– Ho erkjenner ikkje straffskuld. Ho har hamna i ein vanskeleg situasjon ho ikkje hadde ansvar for at oppstod, seier forsvarar Kaj Wigum.

Blomster utenfor blokk i Fyllingsdalen etter funn av død mann

VIL VITE: Familien til 21-åringen møter i retten for å følgje saka mot dei to tiltalte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vil vite kva som skjedde

Faren, mora og søskena til den drepne vil følge rettssaka i Bergen tingrett.

– Det blir tungt for dei, men dei ser fram til at saka får ei avslutning. Dei er mest opptekne av få vite konkret kva som skjedde den natta, seier bistandsadvokat Johansen.