Hopp til innhold

22-åring tiltalt for drap i Fyllingsdalen

Skal ha kasta mann ned frå høgblokk. No er tiltalen klar.

Høyblokk i Bergen der politiet mener drap skjedde

FALL: Mannen fall ned sju etasjar frå bustadblokka i Fyllingsdalen i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I mars i fjor blei ein mann i 20-åra funnen død utanfor ei bustadblokk i Fyllingsdalen i Bergen. Mannen hadde skader som gjorde at politiet trudde han hadde falle frå stor høgde.

No er ein 22-åring tiltalt for drapet. I tiltalen står det at han fyrst skal ha usett mannen for vald, og så kasta han utfor frå sjuande etasje.

Offeret, som ifølgje politiet var ein kamerat av 22-åringen, døydde av skadar i hovudet.

– Tiltalte erkjenner dei faktiske forholda, at han har utøvd vald og at han har kasta han utfor rekkverket i sjuande etasje, seier statsadvokat Benedicte Hordnes til NRK.

I mai rekonstruerte politiet fallet.

Blomster utenfor blokk i Fyllingsdalen etter funn av død mann

FUNNEN DØD: Fleire la ned blomster utanfor blokka i dagane etter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Skal ha freista å fjerne bevis

Mor hans var også sikta for drap, men saka mot ho er lagt bort, fordi det ikkje er tilstrekkelege bevis for at ho har medverka til drap. Ho blei slept fri allereie i fjor haust.

Mora er i staden tiltalt for å ha latt vere å hjelpe mannen, som låg hardt skada i leilegheita hennar i blokka, før han skal ha blitt kasta over rekkverket av 22-åringen.

– Ho har latt vere å hjelpe fornærma, sjølv om han låg skada i leilegheita i eit visst tidsrom og ho hadde høve til å skaffe hjelp, seier Hordnes.

Kvinna skal også ha prøvd å fjerne bevis frå staden, ifølgje tiltalen.

Ho skal ha vaska vekk blod frå golvet og fjerne sengeklede frå senga der mannen blei utsett for vald. I tiltalen står det at ho også skal ha freista å brenne og så vaske kleda til sonen, som var tilsølt med blod.

Mistenkelig dødsfall Fyllingsdalen

ÅSTADEN: Det var utanfor denne bustadblokka Dag Hammarskjölds veg i Fyllingsdalen at mannen blei funnen død.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Bergens Tidende / NTB scanpix

Melde sjølv ifrå

22-åringen som no er tiltalt for drap, ringde sjølv til politiet og fortalde om det som hadde skjedd. Han blei gripen av politiet seinare same dag.

Mannen blei fyrst sikta for vald, men siktinga blei kort tid etter endra til drap eller medverknad til drap.

Både han og mora blei sikta og varetektsfengsla etter hendinga. Politiet ville ikkje at dei to skulle samkøyre forklaringane, og dei blei difor haldt i isolasjon.

Tiltalte har sidan då vore til psykiatrisk vurdering.

– Det måtte ei tilleggsutgreiing til, men han blei funnen strafferettsleg tilrekneleg, seier statsadvokat Hordnes.

Han kan difor straffast med fengsel.