Hopp til innhold

Samferdsleministeren mjukar opp reglar for utanlandske sjåførar

Fram til no har utanlandske sesongarbeidarar fått jobbe i Noreg i seks månader, men berre hatt lov til å køyre i tre av dei. Næringslivet jublar over endringane.

Jon Georg Dale

MJUKAR OPP: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) lempar no på førarkortreglane for sesongarbeidarar som kjem frå land utanfor EØS-området.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Arbeidarar utanfor EØS-området har ikkje fått lov til å køyre bil i Noreg i meir enn tre månadar. Det blir no endra.

Endringa kjem som følgje av ei høyring i vinter. Planen er å gjere det lettare for reiselivsnæringa her i landet og utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe.

– Dette gjer det mykje enklare for dei som ønskjer å kome til Noreg og bidra med arbeidsinnsats i ein periode der vi treng høgare kapasitet enn vi gjer elles, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Europacup i rafting på Voss

RAFTING: Eit eksempel på turistselskap som brukar sesongarbeidarar er Voss Active, som mellom anna driv sel raftingopplevingar.

Foto: Vegard Breie

Sirkusreglar for alle

Tidlegare har berre tilsette på sirkus og tivoli hatt unntak for tremånadersregelen. No blir det allmenngjort, men berre for dei som har arbeidsløyve.

– Kjem ein til Noreg frå utanfor EØS-området, må ein kunne godtgjere at ein skal jobbe viss ein skal ha vidare privilegium enn ein normalt ville hatt utanfor EØS. Dette er ein måte å kome i møte dei som kjem hit for å arbeide, seier Dale.

Noreg har ei mykje meir omfattande førarkortopplæring enn andre land. Dale trur ikkje at det blir meir trafikkfarleg med oppmjukinga.

– Om ein kjem frå USA og køyrer tre eller fire månadar, får det veldig lite konsekvensar utover at det blir mykje enklare for dei som vil tilsette desse, seier han.

Verkebyll på Voss

For Voss Active, eit reiseselskap som mellom anna sel guida rafting-, klatre- og fjellturar, har regelen vore ein verkebyll.

– Dette har vore ein «molbu-regel», så vi er glade for å få den vekk, seier dagleg leiar Frode Solbakk.

Frode Salbakk

VOSS: Frode Solbakk, dagleg leiar på Voss Active, er glad for omlegginga.

Foto: Voss Active

Dei har 40 tilsette, og ni av dei kjem frå andre stadar enn EØS-området.

Men sjølv om akkurat denne regelen er mjukna opp, vil ikkje selskapet spare mykje utgifter.

– Då vi begynte å presse på for å få endra regelen, var det med tanke på at vi kunne få raftingguidar til å køyre turistar til opplevingane. Vi må framleis ha europearar som profesjonelle sjåførar, fordi det er krav til yrkessjåførkurs og køyresetel. Då må ein uansett vere frå EØS-området, seier han.