Hopp til innhold

Sakna mann funnen på Hardangervidda etter leiteaksjon

FINSE (NRK): Mannen i 40-åra vart meldt sakna etter å ha gått ut på tur laurdag.

Leiteaksjon frå Finse

LEITA MED SCOOTER: Her set mannskap frå Finse Røde Korps Hjelpekorps i gang leitinga etter den sakna mannen.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Politi og frivillige frå Røde Kors og Norske Redningshunder gjekk tysdag morgon i 5-tida gang med leiteaksjon etter ein sakna mann i 40-åra.

Nesten ni timar seinare, i 13.30-tida, vart mannen funnen i god behald, ved Finnesbergvatnet, søraust for Finse.

Mannen skulle på ein lengre skitur frå Finse laurdag, og pårørande varsla politiet måndag kveld, då han ikkje tok kontakt som avtalt.

Siste livsteikn frå mannen var ein tekstmelding laurdag føremiddag.

– Mannen vart funnen då leitemannskap frå Røde Kors såg spor etter ski og pulk og følgde dei til dei fann mannen. Han var i fin form, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Finse

SKULLE PÅ RUNDTUR: Det var her frå Finse at mannen i 40-åra la ut på den ti dagar lange skituren. Ingen har høyrt frå han sidan laurdag føremiddag.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Skulle på ti dagar lang tur

Turen skulle vare i ti dagar, men mannen hadde ikkje gjeve lyd frå seg til familien.

– Mannen vil ha hjelp ned til riksveg 7, der han skal klare seg sjølv vidare, seier Mjelde.

Mjelde fortalde tidlegare tysdag morgon at vêret førebels gjer at det er uaktuelt å bruke helikopter i søket.

Dårleg vêr gjorde at det har vore vanskeleg å setje i gang søk etter mannen, men i morgontimane tysdag vart tre snøscooterar sende ut frå Maurset.

Leiteaksjon på Hardangervidda.

LEITAR: Mannskap frå Norske Redningshunder og Røde Kors Hjelpekorps er med i søket etter den sakna mannen.

Foto: Jarle Mjånes / Norske Redningshunder

– Tolelege forhold

Erling Nesbø i Røde Kors Hjelpekorps

GREIE FORHOLD: Operativ leiar i Finse Røde Kors Hjelpekorps, Erling Nesbø fortel at vêrforholda kunne ha vore mykje verre.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Erling Nesbø i Finse Røde Kors Hjelpekorps deltok i leiteaksjonen. Han fortalde til NRK at dei køyrde ut med tre scooterar frå Finse.

Han fortel at dei ikkje klagar på forholda.

– Akkurat no er det toleleg bra sikt, men litt blindføre og det er kome ein del laussnø. Det kunne ha vore betre, men det er langt ifrå dei verste forholda i dag, seier Nesbø.

Mann i 40-årene savnet på Hardangervidda