Hopp til innhold

Rustar til kamp mot Vegvesenet: – Brua vil rasere ferieparadiset vårt

TYSNES (NRK): Hyttefolk fryktar at ein ferjefri kyststamveg mellom Bergen og Stavanger vil øydelegge eit ynda båt- og badeparadis. Ei anna løysing kan fort verte dyr, svarar Vegvesenet.

Grethe Thorbjørnsen Finsås

KLAR FOR KAMP: Grethe Thorbjørnsen Finsås vil kjempe for at brua over Bjørnafjorden ikkje øydelegg for Svarvahellaholmen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dersom heile øya vert dekka av firefelts motorveg vert den øydelagd og rasert. Det vil vere ei stor tragedie, seier Grethe Thorbjørnsen Finsås.

Ho er leiar i velforeiningane på Svarvahella, heilt nord på øya Reksteren, der 16 familiar har hytte. No har naboane engasjert seg for Svarvahellaholmen, eit ynda friluftsområde om lag 30 meter frå land.

– Dette er ein unik og flott badeplass, som er utruleg viktig for oss. Når vestavinden står på er det vilt og vakkert, seier Finsås.

Men midt på den 150 meter lange holmen vil Vegvesenet plassere to 70 meter høge brupilarar, der den firefelts motorvegen er planlagd på ei over fem kilometer lang bru over Bjørnafjorden.

Svarvhelleholmen

FERIEPARADIS: Svarvahellaholmen er for mange båt- og hyttefolk eit badeparadis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vil flytte brua

– Vi er absolutt ikkje i mot ei bru, men meiner det må vere fullt mogleg å flytte brua litt lenger aust. Då øydelegg ein ikkje for nokon, seier Finsås.

Ho får støtte frå Sigurd Gjertsen, som fortel at holmen er viktig for mange.

– Svarvahellaholmen vert brukt som lehavn av mange. Dette er den einaste øya som beskyttar når det er for dårleg vêr til å kome over Bjørnafjorden.

Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes, seier prosjektet vil bli dyrare, dersom ein skal flytte brua nokre hundre meter.

– Det er sjølvsagt mogleg, og vi kan sjå på kva konsekvensar det eventuelt vil få, både økonomisk og teknisk. Her vil ein eventuelt få ei lenger bru, og dermed høgare kostnad.

Signe Eikenes, prosjektleiar i Hordfast, Statens Vegvesen

VIL VURDERE: Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes, seier dei vil sjå på konsekvensane av å flytte brua austover.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– For dårleg utgreiing

Hytteeigarane meiner også at Statens vegvesen har gjort dårlegare analysar av konsekvensane på Reksteren sør for brua, enn på nordsida i Os.

– Kanskje tenkjer dei at det er færre folk som vert råka, og at det ikkje er så mange som protesterer. Men vi har sterke stemmer, og dei skal dei få høyre no, seier Finsås.

Men prosjektleiar Signe Eikenes avviser at konsekvensutgreiingane har vore mindre på Reksteren.

– Utgreiingane vert gjort uavhengig av kor mange som bur der, anten det er på Stord, Tysnes eller i Os. Det vert gjort på same måte.

Både Søre Øyane i Os og Bårdsundet sør for Reksteren er klassifisert som A-område, altså særleg viktige område, medan Svarvehella ikkje er nemnt.

– Det betyr ikkje at Svarvahella ikkje er vurdert, men det har ikkje fått same verdien som dei andre områda. Når det gjeld naturmangfald har vi ikkje funne noko på Svarvahellaholmen, verken i sjø eller på land, seier Eikenes.

Båt- og hyttefolket lover likevel at det vert kamp om holmen.

– Dette er ikkje berre ein kamp for oss, men for komande generasjonar som skal få nyte denne utruleg vakre plassen, seier Finsås.