Hopp til innhold

Restauranten i havgapet er booka seks år fram i tid

Fiskeværet Espevær ytst i havgapet er utan veg og med tosifra tal innbyggjarar. Her valde syskena å opna restaurant. No har «Gamleposten 5444» bestillingar fram til 2022.

Gamleposten 5444
Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I havgapet vest for sørspissen av Bømlo ligg fiskeværet Espevær – med om lag åtti fastbuande.

For hundre år sidan var det rike vårsildefisket høgdepunktet på den veglause øya. Då fanst det butikkar, bakeri, krambu, skjenkestove og postkontor i fiskeværet.

Slik er det ikkje lenger. No er bakeria og vekke, og posten har for lengst flytta i butikk.

– Me vart rivne med

Men i sommar har det gamle postkontoret på øya fått nytt liv. Postkontoret på Espevær var sist i drift mellom 1949 og 1981, og mellom treveggane har tida meir eller mindre stått stille. No vert det restaurant, galleri og med tida overnatting her.

Gamleposten 5444

GAMLEPOSTEN: Dette var postkontoret på Espevær mellom 1949 og 1981. No vert det restaurant, utsal og galleri.

Foto: Gamleposten 5444

– Det sjarmerande huset kom til sals, så vart me rivne med. Det starta igrunn som ein draum, men så vart det røyndom, seier Rollaug Irgens-Hagevik.

Saman med sysknene Torstein Hatlevik og Silje Hatlevik Urang kjøpte ho det gamle postkontoret frå 1868 i november i fjor. Etter restaurering og oppussing er syskena no klare for for turistinntog på sommarøya Espevær.

Oppbestilt til 2022

Restauranten Gamleposten 5444 opna fredag. Målet er å skapa eit levande samfunn i utvikling, ikkje ulikt det Espevær hadde i gamle dagar.

Espevær

SOMMAR: Espevær er mykje vitja sommarstid. Blant dei mest kjende landemerka er kanskje UFO-ringen den som utpregar seg mest. No håpar sysknene Hatlevik at Gamleposten 5444 og Gamleposten Galleri kan frista fleire til øya utanfor Bømlo.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Øya, som ligg ti minutt med snøggbåt frå fastlandet på Bømlo, er eit populært utfartsmål i sommarmånadene.

– Det kjem mange feriegjester til Espevær, men dette hadde ikkje blitt noko av utan dei fastbuande si støtte og dugnadshjelp, seier Silje.

Kort tid etter restaurantlanseringa hagla det inn nemleg inn med bestillingar. Noteringa i kalenderboka haldt fram utan opphald til langt inn i år 2022.

– Interessa, og ikkje minst dugnadshjelpa, har vore overveldande, seier Silje, som er den einaste av dei tre som er busett på øya.

Meiner det er liv laga i havgapet

Mange vil hevda det er risikosport å satsa på restaurantdrift på ei øy med åtti fastbuande, men ikkje familien Hatelvik.

– Espevær er ei veldig populær øy. Mange besøkjer øya, og dei saknar ein serveringsstad og eit overnattingstilbod, seier Rollaug.

– Mykje av grunnnen til at me satsar på Espevær er fordi me ynskjer eit slikt tilbod, både for tilreisande og for dei som bur her, meiner Torstein.