NRK Meny
Normal

Pussar opp for dei neste 200 år

Handverkarane utøver gamal byggeteknikk etter alle kunstens reglar. Arbeidet som blir gjort på Agatunet i Hardanger skal nemleg halde i flere generasjonar framover.

I haust har det hellelagde taket på Lagmannsstova på Agatunet i Hardanger blitt restaurert. 
Stova er ein unik middelalderbygning, og det er over 200 år sidan sist gong taket blei restaurert. No får lokale snikkarar vera med å ta vare på den gamle byggjetradisjonen.

ARBEID: Alt blir gjort på gamlemåten, for å bevare det gamle tunet. FOTO/REDIGERING: Ole-Andrè Lagmandokk

Agatunet i Utne i Hardanger er eit av dei få bevarte klyngetuna i Noreg. Truleg har det budd folk her i over 3700 år. Fleire av husa er freda.

Og det er ingen liten jobb å halde staden i orden. Det eldste huset av dei alle er Lagmannstova, som no treng nytt tak.

Ved sida av ei diger skiferhelle står byggmeister Haakon Kvestad. Hella er høgare enn mannen og fleire centimeter tjukk.

– Denne veg nok om lag 450 kilo, fortel han.

Hellene er umoglege å erstatte, så dei må handsamast veldig forsiktig.

agatunet

UERSTATTELEG: Byggmeister Haakon Kvestad seier det ikkje finst slike heller i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det einaste i Noreg

Lagmannstova ligg midt i tunet. Det var riddar, riksråd, gulatingslagmannen Sigurd Brynjulfsen Aga som bygde stova ein gong på slutten av 1200-talet.

Det fins nesten ikkje bevarte bygg att frå denne tida. Lagmannstova skal vere det einaste huset i sitt slag i Noreg no. Og det er på tide med nytt tak.

Det som er råte må bytast ut. Alt blir gjort på gamlemåten av dei lokale snekkarane.

Dei lokale handverkarane er redde for at den gamle handverkstradisjonen går tapt om ein ikkje tek vare på byggeskikken.

– I dag ville ein jo bukt skruar eller spikar. Men vi brukar smidde trepluggar, fortel byggmeisteren.

Utvekslar kunnskap

Det er ganske sjeldan kost for arbeidarane å jobbe på denne måten.

– Det er veldig kjekt! Rett og slett fascinerande, seier Kvestad.

Medan arbeidet har gått føre seg har det vore fleire kurs og samlingar der både museet sine einge handverkarar, lokale handverkarar og andre interesserte har lært nytt og utveksla kunnskap.

Agatunet er eit freda kulturminne. Taksperrene som no har blitt bytta har ikkje vore skifta på nærare 200 år.

Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune har løyvd pengar til restaureringa.

Med ein kran blir dei store hellene lyfta opp på nytt undertak, og slik sikre at taket er tett i alle fall i 200 nye år.

Gå til forsiden

Agatunet

Agatunet

Agatunet

6 bilder

    Siste video

    Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
    Programleder: Mariann Reikerås
    NRK oppsummerer VM så langt.