Frå nyttår blei den administrative leiinga for kvar einskild kyrkjelyd overført til fire prosti.
Sokneprest Jarle Veland.
- For få prestar
Prestane meiner no at kyrkja er blitt meir utilgjengeleg for folk flest.
- Skrekkscenarioet er at det skal vera ei gravferd, men ingen veit kva som skjer. Det er forferdeleg viktig at desse tinga blir gjort på ein skikkeleg måte, seier sokneprest Jarle Veland i Fyllingsdalen kirke.
Han er lite glad for den omorganiseringa som er innført av Bergen kirkelige fellesråd.
Den har skapt uro blant prestane, som meiner det er altfor få personar att til å gjera ein god jobb. Veland ber no om at blir løyvd meir pengar til administrering.
- Eg skulle ønskt at me hadde økonomiske rammer til å gå attende til den ordninga me hadde, presiserer han.
Ønskjer å møta einskildmenneske
Veland får støtte av kollega Signe Sandberg i Årstad kirke, som meiner den nye organiseringa er blitt svært upersonleg for publikum.
Så langt har det gått bra, men Sandberg meiner ein ikkje kan venta at det vil vara.
- Den største frykta eg har er at det blir dårlegare kvalitet. Me ønskjer å møta einskildmenneske, og det blir vanskeleg når ein skal forhalda seg til eit så stort prosti, meiner Sandberg.
Kyrkjeverje Gunnar Wik. (Foto: NRK)
Trur ikkje på frykta
Men kyrkjeverje Gunnar Wik i Bergen kirkelige fellesråd meiner ordninga fungerer godt, og festar ikkje stor tiltru til at einskilde prestar er urolege.
- Prestar lyg til vanleg ikkje, men eg trur dei går rundt med ein uro som ikkje kan dokumenterast. Eg vil ikkje gå med på at det er eit dårlegare og meir risikofyllt tilbod no, seier Wik.