NRK Meny
Normal

Politikarane vil granska brøytekontraktene

Vegvesenet meiner brøyteselskapet som har fått massiv kritikk for dårleg brøyting har brote kontrakta. – Alt for seint å kome med dette no, seier leiar i Hordaland Senterparti Jostein Ljones.

Grimesvingene

KAOS: Politiet dirigerer trafikken ved Midttun før Hardangervegen mot Grimesvingene tidlegare denne veka.

Foto: Runa Victoria Engen

Eg forventar at slike forhold er avklara før vinteren byrja. Det burde ha vore ei klar forståing om kva som trengst av kapasitet, utstyr og kunnskap for å driva vedlikehald i desse områda.

Jostein Ljones (Sp)

Den siste veka har nysnø og glatte vegar ført til stengde vegar og fleire ulukker. Størst har problema vore på fylkesveg 7 mellom Granvin og Trengereid på E16 frå Voss mot Sogn. I går kalla vegstellet entreprenørfirmaet Lemminkäinen inn på teppet.


– Entreprenøren har ikkje hatt nok mannskap og bilar ute. Dei har ikkje greidd å fylle dei krava som me har stilt i kontrakten. På møtet lova entreprenøren at arbeidet no skal bli gjort, seier Lars Øyre i Statens vegvesen til NRK.

– Etterpåklokskap

Ljones meiner løfter om betring på vegane ikkje er godt nok. Han vil ha debatt om kva skal krevjast av dei som skal ta seg av drift og vedlikehald på vegane.

– Eg hadde forventa at slike forhold var avklara før vinteren byrja. Det burde ha vore ei klar forståing om kva som trengst av kapasitet, utstyr og kunnskap for å driva vedlikehald i desse områda, seier Lojnes.

Krev debatt om anbodsprosessen

No vil Senterpartiet og Arbeiderpartiet følgje opp saka politisk.

– Det er Hordaland fylkeskommune som eig vegen, difor må me ta dette på alvor. Det er me som bestiller oppdraget utført. Når arbeidet ikkje er godt nok gjort er det på tide å ta dette opp politisk, seier Ljones.

Gå til forsiden

Snøkaos i Hordaland 15. desember

Politiet dirigerer trafikken etter kaos på veiene

Snøkaos i Hordaland 15. desember

9 bilder

    – Korleis vil de fylgje opp saka?

    – Me vil ta saka opp på fylkesnivå og vegvesenet må svara på kva kvalitet desse kontraktane har. Innhaldet i kontrakten må vere det me forventar. Dessutan må me sjå på kva som inngår i krava til anboda. Både i forhold til kapasitet på utstyr og mannskap.

    – Forholda på vegane den siste veka har vore heilt uakseptabel i Hardanger og Voss-regionen. Til tider har det vore omtrent umogleg å kome seg fram for vanlege køyretøy.

    Siste video

    Programleder: Jan Børge Leirvik