Hopp til innhold

Kolliderte stolen bil og stakk av – gløymde mobilen i setet

To menn braut seg inn og stal ein bil frå ein bilforretning i Bergen. Kort tid etterpå fekk politiet melding om ei trafikkulukke.

Kolliderte stolen bil

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 03.40 i natt. To menn braut seg inn og stal ein bil frå Tores Auto på Damsgård i Bergen. Begge blei foreviga gjennom bedrifta si kameralinse.

Fanga på overvakingskamera

Dei to skal ha vore i lokalet i rundt ein time, og skal ha varsla med blinkande lommelykt når det kom bilar forbi.

– To menn blei filma på video både før og under innbrotet. Dei blei verande i lokalet ei god stund før dei stal ein bil og køyrde.

Kort tid etterpå kom meldinga om ei trafikkulukke i Peer Gynts vei i Fyllingsdalen.

– Fem minutt etter meldinga om innbrot fekk politiet melding om ein kollisjon. Vitne hadde høyrt høg kvining etterfølgt av eit smell. Kort tid seinare blei ein mann observert springande vekk frå staden, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Kjenning av politiet

Det tok ikkje lang tid før politiet la saman to og to. I bilen fann politiet ein mobiltelefonen – tilhøyrande ein av dei to natteramnane.

– Han er ein svært god kjenning av politiet.

Kort tid seinare blei den eine mannen pågripen i Dag Hammarskjølds vei i Fyllingsdalen.

Politiet har jakta på gjerningspersonane sidan halv fire i natt.