Hopp til innhold

Politiet trur kvinna bestilte drap på ektemannen

BERGEN TINGRETT (NRK): Kvinna i 30-åra som er sikta for drapsforsøk på ektemannen, blei i ettermiddag varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod.

Trond Eide i Bergen tingrett

TAUS: Politiadvokat Trond Eide var svært atterhalden med kommentarar før fengslingsmøtet starta i dag.

Foto: Christian Lura / NRK

Politiet fekk i Bergen tingrett medhald i at kvinna burde bli varetektsfengsla i fire veker. Dei fekk også medhald i at det burde skje med brev og besøksforbod.

Aktor fekk derimot ikkje medhald i kravet om full isolasjon for kvinna i 30-åra som er sikta for drapsforsøk på ektemannen på Filippinane i desember 2014.

Under ein kort pressekonferanse etter fengslingsmøtet onsdag avslørte politiadvokat Trond Eide litt om kva dei meiner ho har gjort:

I Manila i desember 2014 blei kvinna og den norske ektemannen hennar utsett for eit væpna ran. Politiet trur at ranet eigentleg var eit drapsforsøk, gjennomført av medskuldige. Og at det var kvinna som stod bak.

Manila

Vedgår ikkje skuld

Kvinna har ikkje vedgått straffskuld, opplyser politiadvokat Eide. Ho blei pågripen i går, 31. oktober.

Kvifor det har tatt så lang tid å pågripe kvinna, skuldast mellom anna kapasitetsproblem i politiet, sa han.

– Det har tatt lengre tid enn det burde, seier han.

Hennar tidlegare ektemann melde saka til politiet i ein nabokommune til Bergen i mars 2016. Først no er ho altså pågripen.

Politiet meiner at mannen ikkje har vore i fare i tida som er gått etter det påståtte drapsforsøket.

I varetekt

Sjølv om det påståtte drapsforsøket skjedde i utlandet, kan norsk politi straffeforfølgje kvinna fordi saka er så alvorleg, seier Eide.

Klokka 12:45 gjekk kvinna roleg inn i sal 1a i Bergen tingrett, flankert av to arrestforvararar. Ho blei framstilt for varetektsfengsling.

Klokka 13:00 vedtok dommarfullmektig Helene Frich Hanøy at rettsmøtet skulle gå for lukka dører, og heile avgjerda etter møtet blir forbode å sitere frå.

Pressen blei dermed send på gangen. Like før klokka 14:00 var rettsmøtet over. Eide har bede om at kvinna blir fengsla i fire veker med restriksjonar på besøk og korrespondanse.

Politiet meiner det kan vere fare for at ho kan påverke vitne, og fekk medhald av dommaren.

Sikta for drapsforsøk

Den sikta kvinna forstår norsk, men hadde likevel tolk med seg i møtet.

Det var Bergens Tidende som først skreiv at politiet i Bergen onsdag framstiller ei kvinne i 30-åra for varetektsfengsling i Bergen tingrett.

Ho har vore busett i ein nabokommune til Bergen og er no separert frå mannen som politiet meiner ho prøvde å få drept.

Eide ønskjer ikkje å seie noko om kva motivet for det påståtte drapsforsøket kan vere.

Monicka Ringstad i Bergen tingrett

FORSVARAR: Monicka Ringstad representerer den sikta kvinna i 30-åra. Ho ønskjer heller ikkje å seie noko om siktinga.

Foto: Christian Lura / NRK

Taus forsvarar

Politiadvokat Eide varsla tidleg at han ville be om lukka dører i fengslingsmøtet. Til liks med politiet er kvinna sin forsvarar svært ordknapp om saka.

– Eg har ingen kommentarar til saka no, seier advokat Monicka Ringstad til NRK.

Heller ikkje bistandsadvokat for mannen, Øyvind Berre, vil seie noko onsdag morgon.

– Min klient ønskjer ikkje å seie noko om denne saka no, skriv Berre i ein tekstmelding.