Hopp til innhold

Politiet straffar skuleeleven som varsla: – Han skada kommunen sitt omdømme

Guten lasta ned og lagra titusenvis av passord, og avslørte eit alvorleg sikkerheitsbrot. Politiet meiner 13-åringen har gjort noko straffbart, og inndreg datautstyret hans.

Montasje til sak om elev som fant passord i datasystem

STRAFFBART: Eleven varsla først om passord og brukarnamn som låg usikra på nett. Deretter tok han seg ulovleg inn og lagra titusenvis av brukarnamn og passord. – Ei ulovleg og straffbar handling, seier politiet.

Foto: Montasje / NRK

Foreldra er svært opprørte over politiets konklusjon, sjølv om det no er klart at 13-åringen ikkje blir straffa utover utstyrsinndraginga. Politiet har nemleg bestemt seg for å leggja bort saka.

– Saka er lagt bort fordi den involverte er under den kriminelle straffealder, seier politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt.

I august i fjor gjekk alarmen i IT-avdelinga på Bergen rådhus. Det som seinare skulle visa seg å vera ein svært datakyndig 12-åring, hadde fått tilgang til brukarnamn og passord til 35.000 personar.

Dermed avdekte barneskuleeleven eit omfattande sikkerheitsbrot i Bergen kommune sitt system for identitetshandtering. Då hadde 12-åringen allereie varsla éin gong, utan at noko blei gjort.

I ettertid har den no 13 år gamle guten blitt hylla av IT-ekspertar. Bergen kommune har fått krass kritikk for dårleg handtering, og har seinare beklaga.

Denne veka vedtok kommunen eit gebyr på 1,6 millionar kroner frå Datatilsynet.

Ole Bjørn Mevatne

POLITIADVOKAT: Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Lagra

Politiet meiner likevel guten har gjort seg skuldig i ei straffbar handling.

Bakgrunnen er mellom anna at han lasta ned og lagra informasjonen om brukarnamn og passord på sine private harddiskar.

– Innbrot i eit datasystem er ei alvorleg handling, seier politiadvokat Mevatne.

Guten har fått tilbake det meste av utstyret som politiet først beslagla, men politiet vil likevel straffa guten etter paragraf 204 i straffelova.

Dei har no skrive ut eit inndragingsførelegg på tre eksterne harddiskar og ein minnepenn.

– Desse er brukt i ei straffbar handling. Av allmennpreventive omsyn er det ikkje naturleg å gi tilbake slike eigedelar til gjerningsmannen, seier politiadvokaten.

Mor til gut som avdekte sikkerhetshull i datasystemet til Bergen kommune

OPPRØRTE: Foreldra til guten er opprørte over at politiet meiner 13-åringen har skada omdømmet til kommunen. Samstundes er dei takksame for at Bergen kommune valde å ikkje klaga inn lovbrotsgebyret frå Datatilsynet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reagerer

Foreldra reagerer sterkt på grunngjevinga i førelegget, der det mellom anna står at sonen «skaffet seg uberettiget adgang» og at det han gjorde «påførte Bergen kommune tap av omdømme».

– Kommunen har sjølv brote straffelova ved å oppretta fila og den ligga tilgjengeleg for alle, men her går politiet etter 13-åringen som varsla i staden, seier mora til NRK.

Foreldra viser til at sonen melde frå om avviket i mai i fjor. IKT-avdelinga i kommunen blei deretter varsla to gongar per telefon og e-post frå tilsette ved barneskulen.

– At politiet meiner vår son skal bera ansvaret for kommunen sit tap av omdømme, er urimeleg. Me vil ikkje at dette er noko som skal hefta ved hans namn i politiet sine arkiv, seier mora, som NRK anonymiserer av omsyn til guten.

Foreldra har no skaffa seg advokat for å imøtegå påstandane i førelegget.

– Det står fram som oppsiktsvekkande at det er vist til at det er eleven sin handlemåte som har valda kommunen omdømmetap, seier advokat Ingrid Aksnes.