NRK Meny
Normal

Politiet har ikkje rykka ut til Nygårdsparken ein einaste gang

Både kommunen og politiet er nøgde med opninga av den tidlegare «narkoparken» i Bergen. – Men det er viktig at bergensarane tek parken i bruk, seier politiet.

Nygårdsparken i Bergen oktober 2017

ROLEG: Ein re-etablering av rusmiljøet i Nygårdsparken har så langt ikkje skjedd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vi har ikkje hatt eit einaste oppdrag sidan gjenopninga. Dette har gått som forventa, vi har ikkje fått ein re-etablering av rusmiljøet i parken, seier Roger Olsen i politiet i Bergen.

Han er leiar for innsatsgruppa mot opne russcener og er ikkje overraska over at det har gått så bra. Han trekk fram eit godt samarbeid mellom kommunen, politi og helse.

– Det ligg eit stort fokus på at parken skal vere allemannseige for alle. Kommunen har tilsett aktivitetskoordinator og lagt til rette for aktivitetar i parken. Då er det ein mindre eigna stad for rusmiljøet, som ikkje ønskjer merksemd, forklarer Olsen.

- Ein fantastisk månad

Tre år er gått sidan rusmiljøet vart kasta ut og kommunen har brukt 25 millionar kroner på grave opp sprøytespissar og sette parken i stand igjen til byens innbyggjarar.

På gjenopninga for ein månad sidan kom det kring 1000 menneske. Kommunen tok sine forholdsreglar og leigde inn vakter for å hindre at rusmiljøet umiddelbart kom tilbake.

– Men verken politiet eller vektartenestene har meldt om uheldige situasjonar. Det har vore ein fantastisk månad etter opninga med mykje aktivitet i parken, seier sosialbyråd Erlend Horn (V).

Politi i Nygårdsparken

KVARDAG: I fleire tiår har dette vore eit vanleg syn for naboane til Nygårdsparken.

Foto: NRK

Openlys sal og bruk av narkotika

I fleire tiår levde nærmiljøet på Møhlenpris og Nygårdshøyden i frykt for det som gjekk føre seg inne i parken. Den var ein av Nord-Europas største opne russcener, noko som førte til bråk, lovlause tilstandar og overdosar nærast kvar einaste dag.

– No har både skuleklassar og barnehagar teke parken i bruk. Eldre par har fortalt at dei ikkje har vore i parken på 35 år, no kan dei endeleg ta den i bruk att. Det er flott å høyre.

– Men eg vil understreke at alle i byen er velkomen i parken, også dei rusavhengige, men ei open russcene med sal og bruk av narkotika blir ikkje akseptert, seier Horn.

Sosialbyråd Erlend Horn i Nygårdsparken i Bergen

NØGD: Sosialbyråd Erlend Horn (V) under opninga av Nygårdsparken i september.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ber bergensarane ta i bruk parken

Til våren opnar også Flagghaugen inne i parken, som var den sentrale staden for det store rusmiljøet.

Sosialbyråden presiserer at heile jobben enno ikkje er gjort. Rusmiljøet som vart kasta ut har funne seg andre tilhaldsstader i Bergen, mellom anna i ein undergang ved mottaks- og omsorgssenteret Strax-huset på Laksevåg.

– Vi har store utfordringar. Min jobb er å sørge for at fleire enn i dag får hjelp. Det hastar å endre sprøyteromslova. Men fleire får hjelp i dag enn då situasjonen var på sitt verste i Nygårdsparken.

Roger Olsen i bergenspolitiet seier det er viktig at bergensarane brukar parken.

– Blir den gløymd, så kan miljøet komme tilbake. Vi er ikkje naive og vi følgjer med. Vi er raske på pletten om vi ser ein antydning til ein re-etablering, slår Olsen fast.

Undergangen på Laksevåg

NY TILHALDSSTAD: I denne undergangen ved Strax-huset på Laksevåg har mange av byens narkomane vore samla sidan Nygårdsparken stengde.

Foto: Frederik Økland / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.