Ein mann i 20-åra blei torsdag pågripen av politiet ombord på Fjord Line-båten «Fjord Norway».
Mannen er meld for eit overgrep mot ein kvinnelig passasjer, og dette skal ha skjedd ombord på veg mellom Danmark og Bergen i løpet av natta.
Politiet har undersøkt lugarar på FjordLine og teke med seg bevismateriale, seier augnevitner til NRK.
Arrestert ombord
Mannen som er sikta for overgrepet blei halden i forvaring av besetninga fram til skipet la til kai i Bergen i 12-tida i dag.
Politiet venta på kaien etter at FjordLine hadde varsla politiet om overgrepet. Eit større område ombord vart sperra av i samband med pågripinga.
Linjedirektør i Fjord Line, Jan Petter Eilertsen seier at besetninga på skipet vart kontakta like etter at hendinga skal ha funne stad.
- Dei tok hand om den kvinnelige passasjeren og sørget for at ho kjende seg trygg. Samtidig tok dei han om personen som ho hadde meldt for overgrepet, seier Eilertsen.