Hopp til innhold

Pinleg kondomkrangel opna Biff

BERGEN (NRK): Ein svensk film som kritiserer skandinavar for å ikkje bry seg om kvarandre, var første film ut då Bergen internasjonale filmfestival opna tysdag.

The Square

REELT: Regissøren var inspirert av historia til ein kamerat, då han laga den kanskje aller pinlegaste scena i filmen som opna Biff, «The Square».

Foto: Arthaus

– Det er ingen som slepp unna satiren i denne filmen, seier Ruben Östlund.

Svensken er i Bergen i høve Bergen internasjonale filmfestival (Biff) og er mannen bak sjølve opningsfilmen: «The Square».

Filmen som i vår vann den gjævaste prisen under filmfestivalen i Cannes kritiserer skandinavar for å ikkje bry oss om kvarandre. Her driv Östlund mellom anna ap med samtidskunst, filmskaparar, media og samfunnet.

– Dette er satiren sin grunn. Ein kikkar på si eiga samtid, tek eit fenomen og snur rundt på det, for at vi skal få sjå oss sjølve i vår eiga tid, seier Östlund.

Sjå traileren til «The Square» her:

Dramakomedie

Filmen handlar om Christian, spelt av Claes Bang, som er kurator for eit museum med ein ny installasjon, der folk vert invitert til å resonnere over sitt eige ansvar som medmenneske.

– Östlund prøver å skrelle av alle lag til ein finn det ærlegaste. Men eg synest ikkje det er altfor pinleg. Eg kunne sjå meg sjølv i kvar einaste scene, sa Bang til Filmpolitiet i mai.

The Square

STORE STJERNER: Elisabeth Moss, mellom anna kjend frå «Mad Men», spelar TV-reporteren Anne, medan Claes Bang spelar kuratoren Christian i «The Square».

Foto: Arthaus

Pinleg og ærleg

«The Square» skildrar menneskelege reaksjonar på pinlege omstende, og publikum får mellom anna sjå årets kanskje pinlegaste krangel om eit brukt kondom.

Hovudrollene Christian og Anne endar nemleg opp med å gå til sengs med kvarandre, og etterpå oppstår det ein dragkamp om det brukte kondomet, som Anne openbart har planar for.

– Ein kamerat av meg har vore med på akkurat dette, så denne scena er henta rett frå hans historie, ler Östlund.

– Det er ein kraftig undertekst her som handlar om kontrakten mellom mann og kvinne.

Ruben Östlund

SJIMPANSEN: Ein gjennomgåande karakter i filmen er ein sjimpanse. – Alle filmar treng ein ape! Den er der for å gjere filmen litt meir vill, men samstundes minne oss på at vi er eit flokkdyr. Apen er som oss, berre utan den siviliserte kulturen, seier Östlund.

Foto: Tobias Henriksson

På BIFF sine nettsider vert filmen skildra som «et overflødighetshorn som avkler det moderne skandinaviske samfunnet».

– Jo meir kontroversielt innhald du har, jo meir merksemd får du. Og jo meir merksemd du får, jo større stemmer få du. Det var noko eg ville løfte fram i denne filmen, forklarar Östlund.

Uinteressert i «vakre portrett»

Regissøren er tydeleg på at han ikkje vil lage kva som helst type film.

– Eg har vore uinteressert i å lage sentimentale, vakre portrett av menneske. Kvifor skal ein det? Det ein vil oppnå er jo ei forandring, seier Östlund.

Kva håpar du filmen din vil gjere med dei skandinaviske samfunna?

– Eg er oppteken av at ein skal diskutere kva problem vi skal løyse saman, kva som er enkeltindividet sitt ansvar og kva som er staten sitt ansvar.

I tillegg til å ha opna filmfestivalen tysdag, vert «The Square» vist to gonger onsdag 27. september.