- Det var ikkje slik at eg gjekk rundt og tenkte at eg kom til å bli statsråd, men eg tenkte at eg var ein av dei aktuelle kandidatane. Eg blei overraska og glad for å få tilbodet av Jens, seier ho.
Anne-Grethe Strøm-Erichsen ser no fram til å setja seg inn i jobben, og til å ta fatt på utfordringane.
Kan ikkje lova tørrdokk
Men om det blir tørrdokk på Haakonsvern kan ho ikkje seia noko om enno. Mange reagerte på at tørrdokken var utelatt av statsbudsjettet som blei lagd fram rett før helga.
Anne-Grete Strøm-Erichsen
- No må eg først sjå på kvifor tørrdokken var tatt ut av statsbudsjettet og så får eg komma attende til det, fortel ho.
Økonomistyringa blir ei utfordring
I det siste har det vore snakk om mykje økonomisk rot i forsvarsdepartementet, og det ser Strøm-Erichsen på som ei stor utfordring.
- Det er heilt klart at det er mange utfordringar knytta til økonomistyringa. I tillegg er forsvaret midt inne i ei storstilt omstilling, og dette er viktig å vidareføra, avsluttar ho.